Spennande nybrottsarbeid
Publisert: 16. mars 2022
Stimulab-prosjektet Starte og drive ein frivillig organisasjon er gjennomført.
– Prosjektet blei finansiert av Stimulab-ordninga og har gitt oss moglegheit til å tenke nytt rundt samanhengande tenester med brukaren i sentrum, seier prosjekteigar Lise Dahl Karlsen.
Prosjektet har sin bakgrunn i livshendinga Starte og drive ein frivillig organisasjon, som blei introdusert i Digitaliseringsstrategien for å fokusere på brukarperspektivet i samanhengande tenester.
Samskapte løysingar
– I prosjektet har Brønnøysundregistera i samarbeid med Kultur- og likestillingsdepartementet, Frivillighet Norge, Fundraising Norge og KS, og leverandørane Rambøll, Halogen og Comte Bureau sett på korleis det er mogleg å organisere arbeidet med livshendinga. Det har gitt oss ein ny måte å jobbe med samanhengande tenester på, der løysingane er samskapte av aktørane som tenesta gjeld, fortel Dahl Karlsen.
– I Stimulab har vi blitt utfordra til å tenke nytt. Vi har tatt utgangspunkt i livshendinga og har hatt som ambisjon å flette livshendingsarbeidet og andre initiativ for frivillig sektor tettare saman. Vi har utvikla ein felles visjon (missionsfortelling) og ein første versjon av ein innovasjonsportefølje med initiativ som skjer på tvers av frivillig, offentleg og privat sektor, seier ho.
Samfunns- og brukarperspektiv
Erfaringa med å jobbe med samansette utfordringar viser at det er viktig å ha med eit samfunnsperspektiv i innovasjonsfasen, i tillegg til brukarperspektivet, særleg når kompleksiteten er stor og fleire sektorar er involverte.
– Det har vore spennande og lærerikt. Og undervegs i prosjektet har vi vore i dialog med frivillige organisasjonar, kommunar og etatar for å teste ut tankesettet, seier Dahl Karlsen.
Rapporten er klar
Gjennom prosjektet er det skapt eit godt samarbeid som vi nå ser fram til å bygge vidare på. Det er komen mange forslag til forenklingar som vi tar med oss vidare.
Vil du ha nyheiter frå oss rett i innboksen? Meld deg på nyheitsbrevet vårt.