Snart kan du sende inn mellombalanse
Publisert: 17. desember 2020 - oppdatert: 18. desember 2020
Frå 1. januar 2021 må aksjeselskap og allmennaksjeselskap sende mellombalanse om dei gjer disponeringar på grunnlag av mellombalanse.
Mellombalansen sender du til Rekneskapsregisteret via Altinn, og han må vere godkjent før du gjer disposisjonane.
Aksjeselskap som har fråvalt revisjon, treng ikkje å få revidert mellombalansen.
Godkjente mellombalansar finn du på www.brreg.no under avansert søk i kunngjøringer. Du kan laste ned mellombalansen med noter og eventuell revisjonsmelding frå kunngjeringssida.
Kva er mellombalanse?
Ein mellombalanse blir utarbeidd for å vise eigedelar, gjeld og eigenkapital på ein dato som er etter balansedagen for siste fastsette årsrekneskap.
Mellombalansen er ofte ikkje ein fullstendig rekneskap, og består av balanseoppsett, vesentlege noteopplysningar og revisjonsmelding for aksjeselskap som ikkje har fråvalt revisjon.
Mellombalansen skal som hovudregel bli utarbeidd etter dei same reglane som er brukt ved utarbeidinga av årsrekneskapen.
Vil du ha nyheter fra oss rett i innboksen? Meld deg på vårt nyhetsbrev.