Orienterer NUF om rekneskapsplikt
Publisert: 20. juni 2016 - oppdatert: 3. juni 2024
Rekneskapsregisteret har sidan 2008 sendt orientering i posten til Norskregistrerte utanlandske føretak (NUF) om plikta til å sende inn årsrekneskap. I år endrar vi praksisen, og legg ut melding i Altinn til NUF som har rekneskapsplikt for rekneskapsåret 2015. Dei som allereie har fått godkjent årsrekneskapen mottek ikkje slik melding.
Informasjonen er tilgjengeleg i Altinn for alle som er registrerte i Einingsregisteret med ei rolle i NUF-et. Det blir også sendt e-post til adressene som ligg i kontaktinformasjonen i Altinn for desse einingane.
Informasjon til NUF om rekneskapsplikta finn du her:
Bokmål
Nynorsk
Engelsk