Registrering i Føretaksregisteret innan årsskiftet
Publisert: 1. september 2020 - oppdatert: 14. juli 2023
Hugs å vere ute i god tid.
Føretaksregisteret må ha fått melding om avgjerd om fusjon, fisjon, kapitalnedsetting eller avvikling innan 20. oktober.
Om du sender inn melding om gjennomføring av desse endringane og andre meldingar til Føretaksregisteret etter 12. desember, kan det vere vanskeleg å få desse registrert innan utgangen av året.
Vi har heilelektronisk saksbehandling av enkelte gjennomføringsmeldingar. Sjå kva gjennomføringsmeldingar som blir behandla heilelektronisk.
Papirskjema
Om du må sende oss melding på papir, bør vi ha fått avgjerd om fusjon, fisjon, kapitalnedsetting eller avvikling innan 1. oktober.
Gjennomføringsmeldingar og andre meldingar på papirskjema som kjem inn til Føretaksregisteret etter 30. november, kan vere vanskeleg å få registrert innan utgangen av 2020.