Mogleg å få ettergitt forseinkingsgebyr for rekneskapsåret 2020 på grunn av korona
Publisert: 17. november 2021 - oppdatert: 18. november 2021
Finansdepartementet gir Rekneskapsregisteret moglegheit for å godta covid-19 som årsak i søknader om ettergiving av forseinkingsgebyr.
Rekneskapspliktige verksemder skal kvart år sende komplett årsrekneskap til Rekneskapsregisteret innan 31. juli. For rekneskapsåret 2020 blei fristen for å levere årsrekneskapen utsett til 30. september 2021 på grunn av pandemien. For dei som ikkje leverer komplett årsrekneskap innan fristen, aukar forseinkingsgebyret inntil innsendingsplikta er oppfylt, men ikkje lengre enn i 26 veker.
Ifølge rekneskapslova kan Rekneskapsregisteret ettergi forseinkingsgebyret heilt eller delvis, dersom det blir gjort sannsynleg at innsendingsplikta ikkje er overhalden som følge av forhold utanfor den rekneskapspliktige sin kontroll eller dersom særlege rimelegheitsgrunnar tilseier det.
Forseinkingsgebyret må vere stoppa før det er mogleg å søke om ettergiving. Søknaden må innehalde ei grunngiving om korleis covid-19 har gjort det vanskelegare å sende inn årsrekneskapen innan fristen og kva konsekvensar covid-19 har hatt for verksemda. Sjølv om forseinkingsgebyret blir ettergitt, må verksemda likevel sende inn årsrekneskapen for 2020.
Meir informasjon om ettergiving av forseinkingsgebyr
Vil du ha nyheiter frå oss rett i innboksen? Meld deg på nyheitsbrevet vårt.