Endring i terskelverdiane for fråval av revisjon – ny tolkning
Publisert: 28. april 2023
Frå 1.mai 2023 er det endringar i terskelverdiane som avgjer om selskap kan bestemme at dei ikkje skal ha revisor.
Selskap kan velje bort revisjon dersom driftsinntektene er lågare enn 7 millionar kroner, balansesummen er lågare enn 27 millionar kroner og gjennomsnittleg antal tilsette ikkje overstig 10 årsverk.
Når kan du bestemme fråval av revisjon?
Du kan bestemme fråval av revisjon når som helst, så lenge selskapet oppfyller vilkåra i aksjelova. Det er terskelverdiane som er gjeldande på det tidspunktet generalforsamlinga vedtar fråvalet som skal leggast til grunn.
Dersom du ønsker å velje fråval av revisjon for årsrekneskapen for rekneskapsåret 2023, etter dei nye terskelverdiane, må generalforsamlinga difor vedta fråvalet 1. mai eller seinare. Deretter må du sende inn meldinga om fråval til Føretaksregisteret innan få dagar. Les meir om fråval av revisjon.
Har du fått krav om å melde revisor?
Dersom du har fått krav om å melde revisor, betyr det at selskapet har overstige terskelverdiane i rekneskapsåret 2022. Selskapet har difor som utgangspunkt revisjonsplikt for heile det påfølgande rekneskapsåret, altså rekneskapsåret 2023. Dersom verdiane i årsrekneskapen for rekneskapsåret 2022 er under dei nye verdiane som gjeld frå 1. mai 2023, kan selskapet likevel igjen bestemme fråval av revisjon gjeldande frå og med 2023. Generalforsamlinga må haldast 1. mai 2023 eller seinare. Fråvalet gjeld ikkje før det er registrert i Føretaksregisteret.
Aktuelt regelverk
- vilkåra for avgjerd om fråval av revisjon finn du i aksjelova § 7-6
- dei nye terskelverdiane finn du her
Vil du ha nyheiter frå oss rett i innboksen? Meld deg på nyheitsbrevet vårt.