Berekraftsrapportering i Rekneskapsregisteret
Publisert: 28. februar 2025
Frå i dag er det mogleg å levere årsrekneskap med berekraftsrapportering for verksemder som er pliktige til det.
Rekneskapslova blei endra i fjor sommar og berekraftsrapportering er nå sidestilla med finansiell rapportering. Berekraftsrapporten skal inngå som ein del av årsmeldinga og du sender inn via skjemaet for årsrekneskap i Altinn.
Berre opna for dei som er pliktige til å levere
Plikta til å levere inn berekraftsrapportering blir innført stegvis, og for rekneskapsåret 2024 er det store føretak av allmenn interesse, med over 500 tilsette, som er pliktige til å levere. Dette gjeld cirka 60 verksemder.
Det vil i første omgang ikkje vere mogleg å levere frivillig berekraftsrapportering. Det er berre dei som har plikt til å levere, som kan levere.
Les meir om kven som er pliktige til å levere.
Må følge europeiske rapporteringsstandardar
Berekraftsrapporten må vere utarbeidd etter dei europeiske standardane for berekraftsrapportering og attestert av revisor.
Du kan lese meir om korleis du sender inn her.
Blir gjort tilgjengeleg på verksemdsopplysningar og i kunngjeringane våre
Berekraftsrapporteringa vil bli gjort tilgjengeleg saman med andre verksemdsopplysningar på brreg.no. Når ei verksemd har levert berekraftsrapporteringa, vil det også kome fram i kunngjeringane våre.