Pant i båt
Sist oppdatert: 13. november 2024.
Hos oss kan du sjå om det er tinglyst tvangspant i båtar som ikkje er registrerte i Skipsregisteret.
For å sjekke desse opplysningane må du søke i rettsstiftelsar. Du kan søke på fødselsnummeret eller organisasjonsnummeret til eigaren av båten.
Vi registrerer ikkje pant i båtar som er registrerte i Skipsregisteret. Derfor må du undersøke dette hos dei. Du finn informasjon på nettsidene til Sjøfartsdirektoratet.
Frivillig pant i båtar som ikkje er registrerte i Skipsregisteret finst det ikkje noko register over.