Informasjon om anke
Sist oppdatert: 10. april 2025.
Alle tinglysingsavgjerder kan ankast.
I dei fleste tilfelle kan du rette feila vi viser til i vedtaksbrevet og sende originaldokumentet på nytt, utan at du treng å anke. Dokumentet vil i så fall bli tinglyst på tidspunktet det kjem inn på nytt.
Dersom du derimot er ueinig i avgjerda vår, kan du anke.
Alle som har fått eit vedtak kan anke. Det gjeld også den som vedtaket har ein konsekvens for (rettsleg interesse).
Fristen er éin månad frå du fekk vedtaket elektronisk eller i posten.
Dersom du ikkje er den som får vedtaket, er fristen éjn månad frå du fekk eller burde fått kjennskap til vedtaket.
Har du anka for seint?
Du kan anke sjølv om fristen er gått ut dersom du kan grunngi kvifor du ikkje anka innan fristen. Vi vurderer da om anken kan bli tatt til behandling.
Absolutt siste frist for å anke er eitt år etter at vedtaket blei fatta.
Anken må vere skriftleg, og skal innehalde:
- kva avgjerd du ankar
- kvifor du meiner avgjerda var feil
Anken må ha original signatur eller vere signert digitalt i ei signeringsløysing som sikrar notoritet (at han er etterprøvbar), for eksempel Posten sin signeringsportal. Det er ikkje tilstrekkeleg å sende inn ein scanna versjon av ei fysisk underskriven anke.
Anken sender du på e-post til firmapost@brreg.no eller i posten til:
Brønnøysundregistera
Navn på registeret (Lausøyreregisteret, Ektepaktregisteret eller Akvakulturregisteret)
Postboks 905
8910 Brønnøysund
Det kostar 6 gonger rettsgebyret å anke. Oversikt over satsar for rettsgebyr finn du i rettsgebyrforskriften(Lovdata). Du må betale gebyret på førehand.
Har du ein advokat som representerer deg, kan gebyret som hovudregel bli betalt på etterskot.
Du får meir informasjon om når og kor gebyret skal betalast når du har fram sett anken.
Dersom du ankar, vil vi vurdere avgjerda på nytt. Dersom vi opprettheld avgjerda, blir anken sendt vidare til Hålogaland lagmannsrett for avgjerd.
Har du spørsmål?
Ta gjerne kontakt med oss. Her finn du kontaktinformasjonen vår.