Hefte i bil og andre køyretøy
Sist oppdatert: 10. januar 2024.
Hos oss sjekkar du hefte på bil og andre køyretøy.
Mange spør oss om eigar av bil og andre køyretøy. Dette er opplysningar vi ikkje har hos oss, men du finn informasjon på Statens vegvesen sine nettsider.
Skal du kjøpe ein bil, er det viktig at du først sjekkar om han har hefte. Kjøper du ein bil med hefte, kan du i verste fall risikere å miste bilen, om den som har pant i bilen krev han tvangsselt eller levert tilbake.
Sjekk at registreringsnummeret er gyldig før du søker hefte
Vi kan ikkje kontrollere at eit registreringsnummer er gyldig. Søker du på eit ugyldig nummer, vil det sjå ut som om køyretøyet finst og er utan hefte. Statens vegvesen har oversikt over gyldige registreringsnummer.
Hugs bevis for at det ikkje var hefte på kjøpetidspunktet
Om det ikkje er tinglyst hefte på bilen, kan du skrive ut ei registerutskrift på det frå tenesta vår søk i rettsstiftelsar på kjøpetidspunktet. Denne kan du bruke som dokumentasjon for å bevise at du var i god tru dersom det skulle oppstå ein tvist seinare.
Nei, ansvaret for gjelda vil framleis vere hos den som tok opp lån med pant i bilen, og vil ikkje overførast til den nye eigaren. Om den tidlegare eigaren ikkje betaler gjelda si, vil den som har lånt ut pengar kunne krevje bilen levert tilbake eller seld for å dekke lånet.
Vi oppdaterer ikkje beløpet på heftet etter kvart som du betaler ned på lånet. Lurer du på kor mykje som er igjen av lånet, kan du kontakte den som har pant i køyretøyet.
Etter at lånet er nedbetalt, vil det vanlegvis gå noko tid før pantet blir sletta.
Du må ta kontakt med banken dersom heftet ikkje blir sletta innan rimeleg tid.
Om du låner ut pengar til nokon for å kjøpe bil, er det ein tryggleik for deg om du tinglyser pant i bilen.
Gjeld heftet eit salspant, leasing eller eit pantedokument for næringsdrivande, må du ta kontakt med den som har pant i køyretøyet (ofte ein bank). Det er den som har pant i bilen som må sende slettemelding til oss for å få fjerna heftet.