Tilgjengeerklæring
Sist oppdatert: 1. februar 2024.
Vi har laga tilgjengeerklæringar for dei ulike tenestene på brreg.no og i andre kanalar.
For oss handlar universell utforming om alle sin rett til å delta og å redusere digitalt utanforskap. Tenestene våre skal vere tilgjengelege for alle uavhengig av alder, funksjonsnivå eller utdanning.
Nettsidene våre har fleire tekniske løysingar som i ulik grad oppfyller krava til universell utforming. Nokre av tenestene blei til før det eksisterte tekniske krav, slik som WCAG-krava, og er vanskelege å tilpasse og forbetre.
Sidan det er forskjellig grad av oppfylling av WCAG-krava, har vi valt å lage fleire tilgjengeerklæringar for tenestene på brreg.no.
Erklæringa dekker informasjonssidene på brreg.no, og ei rekke andre tenester, som:
- Mi jegerside
- Sjekk om ein person har konkurskarantene
- Mi side person
- Reservasjon reklame
- Verksemdsopplysningar
- Nettbutikken
- Kunngjeringar
- Finn utøvarar av alternativ behandling
Løysinga består av fire tenester der du kan søke på tinglyste ektepakter, hefte og andre rettsstiftelsar på verksemder, motorvogner eller personar.
Vi jobbar med brukskvalitet og universell utforming gjennom å
- teste tenestene våre ofte, både manuelt og maskinelt
- oppnå WCAG-krava på nivå AA, og strekker oss til nivå AAA og fremtidige krav frå WCAG 2.2 og 3.0
- kontinuerleg forbetre innhald slik at det både er korrekt, forståeleg og følger språklova
- samarbeide med andre etatar for å løyse brukeroppleving på gode måtar som gir likskap på tvers av offentlege tenester
- bruke og bidra til designsystemet.no
Policyen vår for brukskvalitet
Brukskvalitet handlar om i kva grad eit produkt eller system kan bli brukt av ulike brukarar til å oppnå sine mål i ein konkret kontekst. Brukaren skal oppleve best mogleg effektivitet, effekt og tilfredsheit.
- Vi involverer brukarane når vi skal designe og utvikle nye tenester
- Brukergruppene sine behov skal kartleggast før vi utviklar nye tenester
- Vi brukartestar konsept og tenester undervegs og før dei blir tatt i bruk.
- Brukarane skal oppleve at tenestene våre er tilpassa dei og deira situasjon
- Tenestene våre skal vere ryddige og lette å bruke
- Vi bruker ulike metodikkar for å gjere oss betre kjent med brukarane
- Brukarane skal oppnå det dei ønsker på enklast mogleg måte
- Vi vil sørge for at brukarane er trygge på at dei har forstått og gjort rett
- Vi bruker systematiske metodar og kunnskap om brukarane til å skape betre tenester
- Vi forenklar med utgangspunkt i data og innspel frå medarbeidarar som har kontakt med brukarar
- Vi måler om forbetringane har hatt ønska effekt
- Tekstane våre skal følge språkprofilen, slik at brukarane finn, forstår og får til.
- Vi bruker kunnskapen vi har om brukarane til å tilpasse tekstane til brukargruppene
- Vi skal kommunisere heilskapleg i alle kanalar, med omgrep som er lette å forstå og som gir meining for brukarane
- Alle tenestene våre er tilpassa for at flest mogleg kan bruke dei, uansett funksjonsevner.
- Vi oppfyller dei lovpålagte krava til universell utforming og beste praksis for brukaroppleving
- Vi tester at tenester fungerer og er tilgjengelege
Gi tilbakemelding
Dersom du oppdagar feil og manglar i tenestene, slik som manglande universell utforming eller andre ting som gir dårleg brukskvalitet, ønsker vi gjerne tilbakemeldingar til brukeropplevelse@brreg.no. Andre førespurnader blir ikkje svara på frå denne e-postadressa.