Rettleiing til registrering av rapporteringsplikter
Sist oppdatert: 11. september 2024.
Rettleiinga gir deg hjelp til å komme i gang med å registrere, endre eller slette rapporteringsplikter i Kommunalt rapporteringsregister (KOR).
Vi har samla nokre spørsmål som du kanskje lurer på når du skal registrere rapporteringsplikter.
Skal du registrere eller endre rapporteringsplikter, må du logge inn på KOR gjennom ID-porten. Treng du hjelp til å logge inn, tar du kontakt med ID-porten.
Registrering i ID-porten
Om du ikkje har brukt ID-porten før, må du registrere dine brukardata. Registrerte brukardata blir overført til KOR, og du får ein e-post når vi har gitt deg tilgang til å registrere rapporteringsplikter for verksemda di.
Oversikt over verksemda sitt arbeidsområde
Når du har logga inn, vil du sjå ei oversikt over verksemda di sine rapporteringsplikter og kven som er kontaktperson for pliktene. I tillegg får du lesartilgang til dei andre verksemdene.
Kva nettlesar skal eg bruke?
Registreringsløysinga er støtta av Internet Explorer, Edge, Firefox og Chrome.
Registrere ny rapporteringsplikt
For å registrere ei ny rapporteringsplikt, vel du «Registrer ny rapporteringsplikt». Fyll ut felta og send inn. Du finn rettleiing ved felta i skjemaet.
Endre rapporteringsplikt
Skal du endre ei rapporteringsplikt, vel du namnet til rapporteringa. Vel så «Endre rapporteringsplikt». Fyll ut endringane og send inn skjemaet til godkjenning.
Slette rapporteringsplikt
Først trykker du på namnet til rapporteringsplikta. Vel så «Slett rapporteringsplikt» Fyll inn grunn for sletting og bekreft.
Arkiverte versjonar
Om du ønsker å sjå tidlegare versjonar av rapporteringspliktene, vel du arkiverte versjonar. Her vil du sjå korleis rapporteringsplikta var registert tidlegare.
En rapporteringsplikt kan ha følgende status
- Publisert – betyr at rapporteringsplikta er registrert og godkjend
- Må oppdaterast – betyr at det er meir enn tolv månader sidan du oppdaterte rapporteringsplikta sist. Du må oppdatere eller eventuelt sende inn utan endringar minimum ein gang i året.
- Under arbeid – betyr at du har lagt inn endringar som ikkje er sende inn til godkjenning enno.
Du kan lese meir om korleis du bereknar tidsbruk i vår rettleiar for berekning av administrative kostnader.
Registrere ny kontaktperson
Du kan registrere ny kontaktperson via menyen «Kontaktpersonar» øvst eller du kan registrere ny kontaktperson når du opprettar ei ny rapporteringsplikt. Vel «Registrer ny kontaktperson». Fyll ut alle felt og lagre når du er ferdig.
Endre kontaktperson
Skal du endre kontaktperson for ei rapporteringsplikt, må du endre rapporteringsplikta. Vel den aktuelle rapporteringsplikta i hovudoversikta, vel så «Endre rapporteringsplikt». Finn fram til kontaktpersonar og vel ein ny kontaktperson frå lista, eller registrer ein ny. Når du er ferdig, lagrar du og sender inn rapporteringsplikta saman med eventuelle andre endringar.
Slette kontaktperson
For å slette ein kontaktperson vel du «Kontaktpersonar» i menyen øvst. Trykk på «Slett» til høgre for aktuell person.
Om knappen «Slett» ikkje er aktivert, må du først endre tilknytte rapporteringsplikter og legge til ny kontaktperson. Deretter kan du slette den aktuelle kontaktpersonen.
Andre verksemder viser kva statlege verksemder som har rapporteringsplikter i KOR.
Når du trykker på ei verksemd, vil rapporteringsplikter som er registrert på aktuell verksemd dukke opp.
Vel du ei rapporteringsplikt, vil du kunne få fram ei detaljert oversikt over kva opplysningar som er registrert på den aktuelle rapporteringsplikta.
1. Førebuing
Statleg verksemd som planlegg å lage ei ny rapporteringsplikt tar kontakt med KOR.
2. Rådgiving
KOR tilbyr hjelp knytt til mogleg gjenbruk av offentlege data.
3. Utforming og registrering
Når rapporteringsplikta er ferdig utforma, skal verksemda registrere ho i KOR.
4. Godkjenning
Etter at du har registrert rapporteringsplikta vil ho bli behandla hos oss. Du vil få tilbakemelding på e-post.
5. Sette i verk
Når rapporteringsplikta er godkjent hos oss, er ho juridisk gjeldande ovanfor kommunal sektor.