Om konkurskarantene
Sist oppdatert: 27. august 2024.
Du kan sjekke om ein person har ein aktiv konkurskarantene ved å søke i Konkursregisteret.
Du må logge deg inn via ID-porten for å søke i Konkursregisteret. Personen du søker på får ikkje beskjed om du har gjort eit søk på han eller ho.
For å vere sikker på at du får treff på rett person, bruk personen sitt fødselsnummer eller d-nummer når du gjer eit søk. Du kan også søke på namn.
Søkeresultatet viser namn, fødselsår, kommune og karanteneperiode. Opplysningane er frå registreringstidspunktet for konkurskarantenen. Om du ønsker meir informasjon, for eksempel om personen er fjerna frå eksisterande verv, må du ta kontakt med Konkursregisteret.
Endringar i fødselsnummer, d-nummer, namn eller adresse i Folkeregisteret vil ikkje vere oppdatert i søkeresultatet. Tenesta viser alle aktive konkurskarantenar på ein person.
Personar med konkurskarantene får ikkje starte nytt selskap eller ta på seg eller reelt utøve nye verv, som for eksempel dagleg leiar, styreleiar, styremedlem eller varamedlem i karanteneperioden. I nokre tilfelle kan konkurskarantenen også innebere at ein person blir fjerna frå eksisterande verv.
Tingretten kan avseie orskurd om konkurskarantene om ein person er mistenkt for ei straffbar handling i samband med ein konkurs eller den verksemd som har ført til konkursen. Det same gjeld om ein person er funne uskikka til å stifte, vere dagleg leiar, styreleiar, styremedlem eller varamedlem i eit nytt selskap, på grunn av uforsvarleg forretningsførsel.
Reglane om konkurskarantene finn du i konkurslova §§ 142 og 143.
Både verksemder og personar kan gå konkurs og det betyr at dei mister retten til å bestemme over eigendelane sine.
Det er berre personar som kan få konkurskarantene. Konkurskarantene er eit verkemiddel for å hindre personar i å starte nytt selskap, eller ta på seg nye roller som for eksempel dagleg leiar, styreleiar, styremedlem eller varamedlem, i den perioden dei er i karantene.
Ein konkurskarantene varar normalt i to år. Ein person kan ha fleire konkurskarantenar.