Registrering av opning av gjeldsforhandling og gjeldsordning
Sist oppdatert: 3. desember 2024.
Namsmyndigheita sender melding om opning av gjeldsforhandlingar og gjeldsordningar til oss.
Kva opplysningar må sendast inn for at det skal bli registrert i Lausøyreregisteret?
Opning av gjeldsforhandling
- namn og organisasjonsnummer på namsmyndigheita eller domstolen som opprettar opning av gjeldsforhandling
- namsmyndigheita eller domstolen sitt saksnummer
- tidspunktet for opning av gjeldsforhandling
- skyldnaren sitt namn og fødselsnummer
- kven kravet skal sendast til
- informasjon om eventuelle sikra eigedelar som avgjerda særskilt omfattar
- namsmyndigheita eller domstolen si underskrift i original, enten på sjølve vedtaket eller på oversendingsbrevet
Gjeldsordning
- namn og organisasjonsnummer på namsmyndigheita eller domstolen som opprettar gjeldsordninga
- om gjeldsordninga er frivillig eller tvungen
- skyldnaren sitt namn og fødselsnummer
- gjeldsordninga si varigheit
- namsmyndigheita eller domstolen si underskrift i original, anten på sjølve vedtaket eller på oversendingsbrevet
Vi har som føresetnad at opning av gjeldsforhandling allereie er registrert, før vi kan registrere gjeldsordninga. Dersom opninga av gjeldsforhandlinga ikkje er registrert, må namsmyndigheita sende inn opninga saman med gjeldsordninga for at denne skal bli registrert, elles vil saka bli avvist.