Kunngjeringar frå Konkursregisteret
Konkursregisteret kunngjer avgjerder om opning, alle typar endring, innstilling, avslutning og framhald av bubehandling.
Kunngjeringane er vanlegvis tilgjengelege same dag som konkursopning er føretatt.
Kunngjeringa inneheld opplysningar om:
- organisasjonsnummer/fødselsdato og namn på debitor
- adresse
- bransje/næringskode
- kva tingrett som har opna konkurs
- opningsdato
- saksnummer
- namn og adresse på bustyrar
- frist for å melde krav i buet
- fristdag
- tid og stad for første skiftesamling
Kunngjeringa inneheld opplysningar om:
- organisasjonsnummer og namn på debitor
- adresse
- bransje/næringskode
- kva tingrett som har avsagt orskurd om tvangsavvikling
- opningsdato
- saksnummer
- namn og adresse på bustyrar
- frist for å melde krav i buet
- fristdag
- tid og stad for første skiftesamling
Kunngjeringa inneheld opplysningar om:
- organisasjonsnummer og namn på debitor
- adresse
- bransje/næringskode
- kva tingrett som har avsagt orskurd om tvangsoppløysinga
- opningsdato
- saksnummer
- namn og adresse på bustyrar
- frist for å melde krav i buet
- fristdag
- tid og stad for første skiftesamling
Kunngjeringa inneheld opplysningar om det som har blitt endra i forhold til tidlegare kunngjord opning. Det kan vere endring av bustyrar, endring av skiftesamling, endringar i tidlegare kunngjorde fristar og så vidare.
Orskurd om konkursopning/tvangsavvikling/tvangsoppløysing må ankast til lagmannsretten. Opphevar lagmannsretten orskurden, vil opphevingsorskurden alltid bli kunngjord. Denne kunngjeringa vil vere tilgjengeleg i kunngjeringsdatabasen i 3 veker.
Kunngjeringa inneheld opplysningar om:
- organisasjonsnummer/fødselsdato, namn og adresse på debitor
- datoen opphevingsorskurden blei gitt
- kva lagmannsrett som har avsagt han
- kva tingrett som i si tid avsa orskurd om opning av konkurs/tvangsavvikling
- referanse til tingretten sitt opprinnelege saksnummer
Kunngjeringa inneheld opplysningar om:
- organisasjonsnummer/fødselsdato og namn på debitor
- adresse
- kva tingrett som innstilte buet
- dato
- saksnummer
- ankefrist
Kunngjeringa inneheld opplysningar om:
- organisasjonsnummer/fødselsdato og namn på debitor
- adresse
- kva bustyrar som har avslutta buet
- dividende prioritet og utbetaling
- utloddingsdato
- saksnummer
- klagefrist
Kunngjeringa inneheld opplysningar om:
- organisasjonsnummer/fødselsdato, namn og adresse på debitor
- saksnummer
- kva tingrett som har avgjort at bubehandlinga skal fortsette
- namn og adresse på bustyrar
Fastsetting av bubehandling blir automatisk kunngjord dersom ikkje tingretten bestemmer noko anna.
Veit du namnet på selskapet, kan du søke direkte på namn eller organisasjonsnummer på kunngjeringsidene våre. Eller du kan søke i avansert søk, kunngjeringstype Konkurs/tvangsavvikling og underkategoriar.