To lover – to nesten like sett med kriterium
Sist oppdatert: 10. januar 2023.
Det er ulike kriterium i lov om register over reelle rettshavarar og kvitvaskingslova for når ein person er ein reell rettshavar.
Reell rettshavar etter lov om register over reelle rettshavarar
- Risikobasert tilnærming er ikkje relevant fordi identifisering av reell rettshavar er objektiv
- Ingen automatikk i at nære familiemedlemmer sine eigarskap og kontroll blir slått saman. Men fleire eigarar kan avtale samarbeid som til saman overstig 25,01 %. Det inkluderer også avtaler i vedtekter, stiftelsesdokument, aksjonæravtaler, eller andre interne avtaler
- Ved indirekte eigarskap via mellomliggande verksemder må reell rettshavar i verksemd C kontrollere 50 % eller meir i verksemd B, som igjen kontrollerer 25,01 % eller meir i verksemd A
- Politiske eksponerte personar skal ikkje registrerast
- Dotterselskap av børsnoterte føretak skal identifisere dei reelle rettshavarane sine
Reell rettighetshaver etter hvitvaskingslova
- Risikobasert tilnærming skal vurderast og kan føre til ein reell rettshavar
- Nære familiemedlemmer sine eigarskap og kontroll skal ein slå saman
- Ved indirekte kontroll via mellomliggande verksemder må reell rettshavar i verksemd C kontrollere 25,01 % eller meir i verksemd B, som igjen kontrollerer 25,01 % eller meir i verksemd A
- Politisk eksponerte personar og deira nærståande skal identifiserast
- Majoritetseigde dotterselskap av børsnoterte føretak er unntatt kravet til identifisering av dei reelle rettshavarane sine