Reelle rettshavarar i stiftelsar
Sist oppdatert: 24. oktober 2024.
Sjekk om stiftelsen må registrere reelle rettshavarar:
Dersom stiftelsen har innflytelse over næringsverksemd utanfor stiftelsen gjennom
- avtale
- eigarskap av aksjar
- eigarskap av selskapsandelar
må stiftelsen registrere om han har, eller ikkje har, reelle rettshavarar.
Nyttig å vite før registrering:
Ein reell rettshavar er ein norsk eller utanlandsk person som oppfyller eit eller fleire av kriteria:
- er styremedlemmer og dagleg leiar i stiftelsen
- har rett til å peike ut over halvparten av styremedlemmene
- har avgitt grunnkapital til stiftelsen
- har fått særrettar i forbindelse med opprettinga av stiftelsen
- er angitt som destinatar (personar som skal ta imot utdelingar frå stiftelsen)
Når det ikkje er ei verksemd mellom personen og den registreringspliktige verksemda, er hen reell rettshavar på direkte grunnlag.
Eksempel:
Ein person som oppfyller ein eller fleire av posisjonane for å vere reell rettshavar gjennom andre verksemder.
Andre enn fysiske personar (verksemder) kan oppfylle posisjonane for å vere reell rettshavar i ein stiftelse. Da er det dei reelle rettshavarane i verksemda, på tidspunktet der verksemda oppnådde kriteriet i stiftelsen, som er reell rettshavar i stiftelsen.
Eksempel:
Dersom selskap A ga grunnkapital til stiftelsen i 2024 – så vil det vere dei som var reell rettshavar i selskap A på dette tidspunktet, som er reell rettshavar i stiftelsen på indirekte grunnlag i posisjonen «Har avgitt grunnkapital til stiftelsen».
På grunn av midlertidig avgrensning i den tekniske løysinga, må du kontakte oss på e-post: firmapost@brreg.no dersom du skal registrere nokon på indirekte grunnlag i ein stiftelse.
Dei fleste finn dei reelle rettshavarane i eigne dokument som stiftelsesdokument og vedtekter, aksjeeigarbok og aksjonæravtalar. Stort sett vil det vere tilstrekkeleg informasjon der for å dokumentere kven som er reelle rettshavarar.
Det er styret som har ansvar for å oppbevare opplysningar om kven som er verksemda sine reelle rettshavarar.
- fullt namn
- fødsels- eller d-nummer
Dersom ein reell rettshavar ikkje har fødselsnummer eller d-nummer, legg du inn fødselsdatoen. - bustadland
- alle statsborgarskap
- organisasjonsnummeret – der grunnlaget er indirekte
Du må også legge inn om personen er reell rettshavar på grunn av eigarskap, stemmerett eller rett til å peike ut eller avsette styremedlemmer, eller kontroll/innflytelse på annan måte.