Reell rettshavar via samanslåing av rettar
Sist oppdatert: 17. februar 2023.
Under finn du fire eksempel på reelle rettshavarar gjennom samanslåing av kontroll.
Dei to første viser ein person som er reell rettshavar gjennom samanslåing av kontrollen sin i mellomliggande verksemder. Dei to neste viser to personar som slår saman kontrollen sin slik at begge blir reelle rettshavarar.
Eksempel 1
Summen av kontroll i fleire verksemder gjer Astrid til reell rettshavar på indirekte grunnlag i Gulost AS.
Eksempel 2
Summen av direkte og indirekte kontroll gjer Astrid til rettshavar i Melk AS.
Eksempel 3
Astrid og Kristian har ein avtale om å stemme likt, og summen av kontrollen deira gjer begge til reelle rettshavarar i Hverdag AS.
Eksempel 4
Astrid og Kristian er reelle rettshavarar i kvar si verksemd, og med å slå saman kontrollen sin er dei begge reelle rettshavarar i Hverdag AS.