Reelle rettshavarar
Sist oppdatert: 8. april 2025.
Register over reelle rettshavarar er opna
Verksemder og andre juridiske personar kan nå registrere opplysningar om reelle rettshavarar.
Reelle rettshavarar er fysiske personar som i siste instans eig eller kontrollerer ei verksemd. Ei verksemd kan ha ein, fleire eller ingen reelle rettshavarar.
Plikta til å registrere opplysningane om dei reelle rettshavarane sine tredde i kraft 1. oktober 2024. Fristen for å registrere dette er 31. juli 2025.
Register over reelle rettshavarar er oppretta som eit tiltak for å motverke kvitvasking, terrorfinansiering og økonomisk kriminalitet. Formålet med registeret er å gi oversikt over kven som eigentleg kontrollerer verksemder.
Både lov om register over reelle rettighetshavere og kvitvaskingslova bruker omgrepet reelle rettshavarar, men har litt ulike kriterium for kva som er ein reell rettshavar.