Personvernerklæring
Sist oppdatert: 25. oktober 2024.
Denne personvernerklæringa gir informasjon om kva personopplysningar vi behandlar, korleis desse blir behandla og kva rettar du har.
Mykje av registerdrifta vår handlar om å halde oversikt over kven som har plikta seg til kva. Openheit og oversikt motverkar økonomisk kriminalitet. Påliteleg og sakleg informasjon gir økonomisk tryggleik. I samband med forvaltninga av våre oppgåver, registrerer vi personopplysningar.
Slik behandlar vi personopplysningar
Alt av opplysningar som kan knytast til deg som enkeltperson er personopplysningar. Alle dokument som blir sende til og frå Brønnøysundregistera, blir skanna og lagra i våre saksbehandlingssystem eller i det elektroniske arkivsystemet Public 360. Nokre opplysningar er gjenstand for registrering i eit register, som for eksempel opplysningar i meldingar. Andre opplysningar kan vere vedlegg til meldingar, klagar eller andre typar førespurnader. I alle tilfelle vil du kunne finne personopplysningar i dokumenta.
Dei aller fleste opplysningane hos oss blir registrert med direkte heimel i lov, då dei ulike særlovane regulerer kvart enkelt register. Behandlingsgrunnlaget for dette er personvernforordninga artikkel 6, nummer 1 (e), som tillèt oss å behandle opplysningar som er nødvendig for utøving av offentleg myndigheit. Om din førespurnad inneheld særlege kategoriar av personopplysningar, er behandlingsgrunnlaget vårt personvernforordninga artikkel 9, nummer 2 (g). Særlege kategoriar av personopplysningar er opplysningar som det etter lova skal meir til for å kunne behandla enn andre, som for eksempel opplysningar om religiøs tilhøyrsle eller politisk oppfatning.
Personopplysningar vi behandlar i registera er først og fremst namn, adresse og fødselsnummer i tilknyting til rolle, rettar eller plikter ein person har. Vi registrerer også opplysningar om kundane våre når dei bestiller informasjon eller nyttar tenester med gebyr. Opplysningane dette gjeld er i hovudsak namn, adresse, e-postadresse og kontonummer. I nokre tilfelle, der det er nødvendig, blir fødselsnummer nytta som identifikator.
Å nytte fødselsnummer er nødvendig for å sikre at vi registrerer riktig person, og dermed kvaliteten på opplysningane. Vi hentar opplysningar mellom anna om namn og adresse frå Folkeregisteret. Om det for eksempel ikkje er samsvar mellom adressa som er meld og det som går fram av Folkeregisteret, registrerer vi opplysningane frå Folkeregisteret. Vi opplyser ikkje om fødselsnummer sidan dette ikkje er offentleg informasjon.
I dei fleste tilfelle baserer registreringa seg på elektronisk innsending og behandling av melding. Det er dei innmelde opplysningane som blir behandla. Som ledd i kontrollen av opplysningane hentar vi i nokre tilfelle inn nødvendig informasjon frå andre offentlege verksemder eller kjelder, som for eksempel Finanstilsynets konsesjonsregister over rekneskapsførarar og revisorar, Skatteetaten og Tilsynsrådet for advokatvirksomhet.
Våre avgjersler baserer seg ikkje bare på automatisert behandling. Vi utarbeider ikkje personprofilar basert på personopplysningane vi hentar inn.
Vi treng å sikre systema, kontora og lokala våre, og nyttar difor kameraovervaking. Dette skal hindre og avdekke innbrot i lokala våre. Vi lagrar opptaka i sju dagar før dei blir sletta.
Førespurnader til oss via telefon, e-post og post
Vi bruker telefonsystemet Phonero for å handtere førespurnader på telefon, og vi tar vare på namn, adresse og telefonnummer som blir henta frå nummeropplysninga. Om brukaren har ringt oss tidlegare i løpet av dei tre siste månadane, vil dette også gå fram. Personopplysningane som blir lagra i telefonsystemet, og som er nødvendig for å administrere og drifte dette, beheld vi ein kort periode. Komplett logg blir sletta etter eitt år. Om det er behov for personopplysningar for statstikk, blir desse anonymisert.
Når ein brukar tar kontakt på e-post, tar vi vare på e-postadresse og personinformasjon som ligg i mottatt e-post. Desse opplysningane lagrar vi ein månad for å kunne handtere vidare dialog med brukaren. Når ein bruker tar kontakt med Bedriftsrettleiing, på telefon eller via kontaktskjema, tar vi vare på telefonnummer eller e-postadresse om vi har behov for å kontakte brukaren igjen. Vi tar også vare på postnummer for statistikkformål, men desse blir anonymisert. Opplysningar om brukaren blir lagra i ein månad, slik at vi har moglegheit til å fortsette dialog med brukaren. Deretter anonymiserer vi opplysningane.
Behandlingsgrunnlaget for denne behandlinga er personvernforordninga artikkel 6, nummer 1 (f). Den tillèt oss å behandle opplysningar som er nødvendig for å ivareta ei interesse som veg tyngre enn omsynet til den enkelte sitt personvern.
Våre tilsette bruker e-post både internt og eksternt, som ein del av det daglege arbeidet med å forvalte registera våre. Den enkelte tilsette er sjølv ansvarleg for å slette e-poster i sin eigen e-postkonto etter kvart som dei ikkje lengre skal lagrast. Når ein medarbeidar sluttar blir e-postkontoen sletta.
Vi gjer merksam på at e-post i utgangspunktet ikkje er kryptert. Du bør derfor ikkje sende opplysningar med teieplikt, som er sensitive eller andre fortrulege opplysningar på e-post. Sjølv har vi interne retningsliner for kva opplysningar vi ikkje skal sende per e-post, dette gjeld for eksempel fødselsnummer.
Dokument som blir rekna som saksdokument på grunn av at dei er ein del av saksbehandling, og fordi dei fungerer som dokumentasjon, er omfatta at hovudreglane for dokumentoffentlegheit, journalføring og arkivering. Det vil seie at e-postar som blir rekna som saksdokument, skal journalførast. Det same gjeld for saksopplysningar som kjem inn via telefonførespurnader. Desse blir journalført i saksbehandlingssystemet til det aktuelle registeret eller i arkivsystemet Public 360. Dette systemet bruker vi til elektronisk arkivering og behandling av dokument. Inngåande og utgåande post som ikkje blir handtert i eit saksbehandlingssystem for det enkelte register, blir behandla i Public 360. Systemet er levert av Tieto, er Noark 5-godkjend, og oppfyller dei strengaste sikkerheitssertifiseringene.
Behandlingsgrunnlaget for dette er personvernsforordninga artikkel 6, nummer 1 (e), som tillèt oss å behandla opplysningar som er nødvendig for utøving av offentleg myndigheit. Om din førespurnad inneheld særlege kategoriar av personopplysningar, er behandlingsrunnlaget vårt personvernforordninga artikkel 9, nummer 2 (g). Særlege kategoriar av personopplysningar er opplysningar som det etter lova skal meir til for å kunne behandle enn andre, for eksempel opplysningar om religiøs tilhøyrsle eller politisk oppfatning.
Ansvar for personopplysningane
Direktøren vår er ansvarleg for all behandling av personopplysningar hos oss. Det daglege ansvaret for å oppfylle våre plikter er lagt til leiaren for det aktuelle registeret og den elektroniske løysninga der personopplysningane er registerte.
Sikring av opplysningar
Vi har ein samfunnskritisk funksjon og skjermingsverdige objekt. Dette stiller høge krav til sikkerheit. I tråd med ISO 27001, har vi har etablert styringssystem for informasjonssikkerheit som gjeld all vår verksemd.
Tilgang til personopplysningane i systema våre er avgrensa og styrt gjennom tilgangskontrollar på bakgrunn av tenestleg behov. Alle våre tilsette har teieplikt etter reglane i forvaltningslova.
Rettar for den registerte
Som registrert i våre register, har du rettar som følge av lovgivinga for det det aktuelle register eller fagområde. I tillegg har du rettar etter lovgiving som gjeld generelt. Vi er eit forvaltningsorgan, og verksemda vår blir regulert av forvaltningslova med forskrifter. Lova regulerer mellom anna saksbehandling, klagerett, teieplikt og partsinnsyn. Personopplysningslova og GDPR (EU si personvernforordning) fastsett mellom anna vilkåra for å behandle personopplysningar og retten for den registerte. Nedanfor følger generell informasjon om rettar for deg som er registert. Vi gjer merksam på at regelverket også inneheld ein del unntak frå desse rettane, som ikkje er skriven her. Om du ønsker å nytte deg av rettane, ber vi deg om ta kontakt med oss. Vi skal svare førespurnaden din kostnadsfritt så snart som mulig, og seinast innan ein månad. Her finn du kontaktinformasjonen vår.
Informasjon om korleis vi behandlar personopplysningane dine
Som registert har du rett til informasjon om kva personopplysningar vi behandlar, kven som er ansvarlig for behandlinga, formålet med behandlinga, det rettslege grunnlaget, kva kjelde opplysningane stammar frå, eventuelle mottakarar av opplysningane, lagringstid og dine rettar. Vi behandlar for det meste personopplysningar som er meldt inn til oss i samband med registrering i våre register. I dei fleste tilfella går det fram av dei ulike særlovane kva opplysningar vi skal registrere og korleis vi skal behandle desse. Vi har gitt generell informasjon om dette i denne personvernerklæringa. Du kan i tillegg be om meir inngåande informasjon ved å ta kontakt med oss. Etter at opplysningane er registert i registera våre, sender vi normalt ut ei stadfesting som viser kva opplysningar vi har registert.
Innsyn i personopplysningar
Når du er registert hos oss, har du rett til å be om innsyn i dei personopplysningane som er registert om deg og meir inngåande informasjon om korleis desse blir behandla. Særlovane fastsett at dei fleste opplysningane i registera våre er offentleg tilgjengeleg for alle. I tillegg gir offentleglova vanlegvis alle rett til å krevje innsyn i dokument som blir sende inn og ut i samband med registrering av opplysningar. Som offentleg etat er vi pliktig til å gjere dei offentlege journalane våre tilgjengeleg på internett. Dei inngåande og utgåande saksdokumenta våre er gjort søkebare på internett gjennom publiseringstenesta eInnsyn. Her kan du søke opp dokument som er publiserte og be om innsyn i offentlege dokument som ikkje er publiserte. Det er også mulig å søke på personnamn, men bare i dei første tolv månadene etter publiseringsdato. Unntaka frå teieplikta følger av ulike lover og forskrifter, mellom andre forvaltningslova sine regler om teieplikt. Som part i ei sak har du rett til innsyn i dokumenta i saken i samsvar med forvaltningslova.
Retting av feil
Som registrert har du rett til å få opplysningane om deg retta om dei er feil. Dette skal skje utan ugrunna opphald. Du kan også krevje at vi legg til opplysningar om det som er registrert er ufullstendig.
Retting av opplysningar skal vanlegvis bli gjort ved at den som har meldeplikt sender oss ei melding om dette. Kven som er meldepliktig og korleis meldinga skal utformast, følger av lovverket for det aktuelle register.
Om vi oppdagar at ein opplysning er mangelfull eller feil, og at dette skuldast vår saksbehandling, skal vi på eige initiativ rette feilen.
Vi mottar oppdateringar av opplysningar frå Folkeregisteret. Om du oppdagar feil i opplysningar om for eksempel namn eller adresse, må du ta kontakt med Folkeregisteret for å få retta feilen.
Om du oppdagar at ein opplysning er feil eller mangelfull, anbefaler vi deg å ta kontakt med oss for å få informasjon om korleis den aktuelle opplysninga kan bli retta.
Arkivering og sletting
Sletting frå registera våre skjer i dei fleste tilfelle på bakgrunn av at meldepliktig sender inn ei melding om endring eller sletting. Det er lova for dei enkelte registera som avgjer kven som er meldepliktig. For nokre av registera kan vi slette opplysningar utan at vi mottar melding om det.
Som offentleg organ er vi underlagd reglane i arkivlova med forskrifter, og vi arkiverer dokument etter nærare føresegn i denne lova. Lova regulerer mellom anna tilgangen til å rette og slette arkivmateriale. Dette betyr at vi i mange tilfelle må lagre registrerte opplysningar i historisk arkiv også etter dei offisielt er sletta frå registera. Dette inneber at sletting frå registera i dei fleste tilfelle ikkje inneber ei fysisk sletting, men at opplysningane blir fjerna frå dei offisielle registera, og overført til historiske arkiv.
Rett til å protestere på behandlinga
Nokre gonger kan du ha rett til å protestere på behandlinga av personopplysningane dine. Dette gjeld ikkje om vi behandlar personopplysningane dine som følge av at det er lovbestemt, eller om det er nødvendig for å utføre ein avtale du har med oss. Om du meiner at vi ikkje har rett til å behandle personopplysningar om deg, ber vi deg om å kontakte oss.
Klage til Datatilsynet
Om du opplever noko du meiner er brot på personvernregelverket, har du rett til å klage til Datatilsynet. Les meir om dette hos Datatilsynet.
Har du spørsmål til personvernerklæringa?
Personvernombodet har som si viktigaste oppgåve å vere ein oppdatert ressursperson til nytte for brukarane og organisasjonen vår.
Gjennom nær kjennskap til Brønnøysundregistera sin aktivitet og grunnlaget for vår behandling av personopplysningar, har personvernombodet eit godt utgangspunkt for å ta tak i personvernrettslege problemstillingar som oppstår.
I tillegg har ombodet som oppgåve å ta tak i personvernutfordringar på eige initiativ, og ombodet er kontaktpersonen vår ovanfor Datatilsynet.
Brønnøysundregistera har hatt personvernombod sidan 1. september 2008.
Sissel Hartvigsen
personvernombod
E-post: sissel.hartvigsen@brreg.no
Telefon: 75 00 77 19
Personopplysningar som blir behandla i dei enkelte registera
Rettsleg grunnlag og formål
Det rettslege grunnlaget for behandlinga av personopplysningane i Akvakulturregistert er akvakulturlova og A-registerforskrifta. Desse regulerer kva opplysningar som skal registrerast.
Akvakulturregisteret er eit register over alle løyve som er gitt til å drive akvakultur. Formålet med Akvakulturregisteret er å gi rettslege disposisjonar til eller i eit akvakulturløyve rettsvern overfor konkurrerande rettshavarar. I tillegg er formålet å gjere opplysningane offentleg tilgjengelege.
Opplysningar vi behandlar
I Akvakulturregisteret registrerer vi både innsendar av ei sak og saka sine partar. Dette kan vere pantsettar, panthavar, overdragar, ny innehavar, saksøkar eller saksøkte.
Personopplysningane vi behandlar i Akvakulturregisteret er namn, fødselsdato, adresse og fødselsnummer eller d-nummer.
Opplysningane hentar vi frå dokumenta vi får tilsendt. Innsendar av dokumenta kan vere ein av partane eller ein representant for desse. Det er frivillig å la seg registera, men om det skal skje, er det fastsett av lov opplysningar vi skal registrere.
Utlevering av opplysningar
Opplysningane i Akvakulturregisteret er offentleg tilgjengeleg, og blir utlevert til alle som oppgir fødselsnummer, d-nummer, organisasjonsnummer, dagboknummer eller akvakulturløyve som rettsstiftinga er tinglyst på. Opplysningar frå den historiske databasen er ikkje offentleg tilgjengeleg, men det kan bli gjort unntak for enkelte.
På våre nettsider kan du søke hefte i Akvakulturregisteret.
Kredittopplysningsføretak som har konsesjon for si verksemd kan abonnere på periodiske utskrifter frå Akvakulturregisteret.
Fiskeridirektoratet hentar opplysningar frå tinglysningsdelen gjennom si eiga teneste. Vi kan også hente opplysningar frå om for eksempel kven som er eigar av løyve hos Fiskeridirektoratet.
Sletting og arkivering
Dei registrerte opplysningane i Akvakulturregisteret slettar vi etter reglane i tinglysingslova. Opplysningane blir sletta etter krav frå rettshavar eller når det blir tinglyst bevis for at rettsstiftinga er fallen bort. Om ikkje opplysningane blir sletta på dette grunnlag, vil dei bli sletta når verknaden av tinglysinga er falt bort etter enda rettsvernstid. Frivillig pant slettast automatisk etter 20 år, medan overføringane blir ståande til det eventuelt kjem ei ny overføring.
Opplysningane blir ikkje fysisk sletta, men arkivert i samsvar med arkivlova.
Rettsleg grunnlag og formål
EMAS står for Eco Management and Audit Scheme og er EU sitt frivillige fellesskapsordning for miljøstyring og miljørevisjon. Ordninga er eit tilbod til føretak og statlege, fylkeskommunale og kommunale forvaltningsetatar som ønsker å marknadsføre at dei har satt seg programfesta mål for å ta vare på miljøet i sin produksjon og si tenesteyting. Ordninga skal fremme ei forbetring av miljøinnsatsen i dei verksemdene som deltar.
Gjennom EØS-avtalen kan norske verksemder delta i ordninga, Det rettslege grunnlaget for behandlinga av personopplysningar i EMAS-registeret er forureiningslova og forureiningsforskrifta, jf. Europaparlaments- og Rådsforordning (EF) nr. 1221/2009 av 25.11.2009 om frivillig deltaking for organisasjonar i ei fellesordning for miljøstyring og miljørevisjon (EMAS).
Opplysningar vi behandlar
I EMAS-registeret registrerer vi opplysningar om miljøkontrollør, om dette er ein fysisk person, registrerer vi fødselsnummer eller d-nummer, eventuelt akkrediteringsnummer (norsk akkrediteringsidentifikator for miljøkontrollører), samt namn og adresse. I tillegg registrerer vi kontaktperson for området, der namn, adresse og fødselsnummer eller d-nummer blir registrert. Alle dokumenta som blir sendt inn i samband med registrering arkiverer vi. Her vil det også kunne finnast personopplysningar.
Opplysningane hentar vi frå melding som blir sendt inn til EMAS-registeret. Fødselsnummer, namn og adresse blir registert manuelt. Der er altså ingen kopling mot Folkeregisteret, Det er frivillig å delta i ordninga og la seg registrere, men om det skal skje, er det fastsett i lov kva opplysningar som skal registrerast.
Utlevering av opplysningar
Opplysningane i EMAS-registeret er offentleg tilgjengeleg for alle, og oversikt over dei norske verksemdene som har tilslutta seg ordninga er tilgjengeleg på våre nettsider. Dette gjeld likevel ikkje fødselsnummer eller d-nummer.
Sletting og arkivering
Eit område blir sletta anten på bakgrunn av slettemelding frå verksemda eller på bakgrunn av manglande fornying av registreringa.
Opplysningane blir ikkje fysisk sletta, men arkivert i samsvar med arkivlova.
Rettsleg grunnlag og formål
Rettsleg grunnlag for behandling av personopplysningar i Einingsregisteret er einingsregisterlova med forskrifter.
Einingsregisteret sitt formål er å fremme effektiv utnytting av samordning av offentlege opplysningar om juridiske personar, enkeltpersonføretak og andre registreringseiningar gjennom reglar for oppretting, organisering og drift av eit landsdekkande einingsregister. Einingsregisteret inneheld grunndata om einingar som har registreringsplikt i NAV Aa-registeret, Meirverdiavgiftsregisteret, Føretaksregisteret, Statistisk sentralbyrå sitt bedriftsregister, Skattedirektoratet sitt register over upersonlige skatteytarar og Stiftelsesregisteret. I tillegg er Konkursregistert eit tilknytt register, og alle konkursbu er registrert og tildelt organisasjonsnummer i Einingsregisteret.
Ei registreringseining kan ikkje bli registrert i eit tilknytt register før eininga er registrert i Einingsregisteret og har fått tildelt eit organisasjonsnummer. Registerfører for tilknytt register har rett og plikt til å bruke opplysningar som er registrert i Einingsregisteret. Dei har også plikt til å halde eige register oppdatert med slike opplysningar registrert i Einingsregisteret.
Opplysningar vi behandlar
For å kunne bli registrert i Einingsregisteret og få organisasjonsnummer, må verksemda oppgi dagleg leiar, forretningsførar, innehavar eller tilsvarande kontaktperson. Om dette er ein juridisk person, må det i tillegg bli oppgitt ein fysisk person som kontaktperson.
I tillegg skal følgande opplysningar meldast, om det fins
- deltakarar med uavgrensa ansvar for selskapet sine forpliktingar
- styremedlemmar
- norsk representant for utanlands eining
- prokura, blir berre registrert på næringsdrivande verksemder
- signatur
- rekneskapsførar
For personar som har slike roller skal registeret innehalde opplysningar om namn, bustadadresse og fødselsnummer eller d-nummer.
Eininga sitt telefonnummer, telefaksnummer og elektroniske adresser kan bli registrert om dei fins. Desse kan i enkelte tilfelle vere knytt opp enkeltpersonar.
Alle dokument som blir sendt inn til Einingsregisteret i samband med melding, blir arkivert og lagra i saksbehandlingssystemet. Blankett og vedlegg som blir sendt inn på papir, vert skanna. Det same gjeld dokument som blir sendt inn i samband med klager på Einingsregisteret sine vedtak. I desse dokumenta vil ein kunne finne personopplysningar.
Personopplysningane hentar vi frå meldingar som blir sendt inn til registeret. Opplysningar blir også henta frå tilknytt registert. Einingsregisteret mottar oppdaterte opplysningar knytt til enkeltpersonar frå Folkeregisteret.
Det er lovregulert kva opplysningar som skal registrerast, men det er frivillig å ta på seg verv eller roller i einingane som blir registrert.
Utlevering av opplysningar
Opplysningar som blir registrert i Einingsregisteret blir overført til tilknytt register. Tilknytt register og offentlege myndigheiter har rett til å få tilgang til opplysningar som er registrert i Einingsregisteret.
Alle har rett til å få tilgang til og utskrift av opplysningar som er registrert i Einingsregisteret, og elektronisk kopi av slike dokument. Opplysningar i Einingsregisteret er tilgjengeleg på våre nettsider. Dette gjeld likevel ikkje fødselsnummer eller d-nummer. Kredittopplysningsføretak kan, etter avtale godkjent av Datatilsynet, få tilgang til slike nummer.
Sletting og arkivering
Opplysningane sletter vi på bakgrunn av endring eller slettemelding frå eininga. Om registerfører antar at eininga er nedlagd, blir eininga og opplysningane om ho sletta.
Opplysningane blir ikkje fysisk sletta, men arkivert i samsvar med arkivlova.
Rettsleg grunnlag og formål
Det rettslege grunnlaget for behandlinga av personopplysningar i Føretaksregisteret er føretaksregisterlova med forskrifter.
Formålet med Føretaksregisteret er å samle opplysningar som alle næringsdrivande føretak i eitt landsdekkande register. Registreringa skal mellom anna sikre rettsvern, klare ansvarsforhold og skape tryggleik i næringslivet.
Opplysningar vi behandlar
I tilknyting til føretaka som er registrert i Føretaksregisteret, registrerer vi opplysningar om
- dagleg leiar
- innehavar
- deltakarar med uavgrensa ansvar for selskapet sine forpliktingar
- komplementar
- kommandittistar
- styremedlemmar
- varamedlemmar
- observatør
- revisor
- prokura
- signatur
- bustyrar
I tillegg lagrar Føretaksregisteret opplysningar om stiftarar i alle nye aksjeselskap.
For personar som nemnd over inneheld registeret opplysningar om namn, bustadadresse og fødselsnummer eller d-nummer.
Alle dokument som blir sendt inn til Føretaksregisteret i samband med melding blir arkivert og lagra i saksbehandlingssystemet. Blankett og vedlegg som blir sendt inn på papir blir skanna. Det same gjeld dokument som blir sendt inn i samband med klager på Føretaksregisteret sine vedtak. I desse dokumenta vil ein kunne finne personopplysningar.
Opplysningane hentar vi frå dokumenta vi får tilsendt. Føretaksregisteret mottar oppdaterte opplysningar knytt til enkeltpersonar frå Folkeregisteret.
Det er lovregulert kva opplysningar som skal registrerast, men det er frivillig å ta på seg verv eller roller i einingane som blir registrerte.
Utlevering av opplysningar
Alle har rett til å få tilgang til, og utskrift av, opplysningar som er registrert i Føretaksregisteret. Dette gjeld likevel ikkje fødselsnummer eller d-nummer.
Føretaksregisteret overfører registrete opplysningar til:
- Statistisk Sentralbyrå sitt verksemds- og føretaksregister
- Skattedirektoratet sitt register over upersonlege skatteytarar
- Stiftelsesregisteret
- Konkursregisteret
- Meirverdiavgiftsregisteret
- NAV Aa-registeret
- Einingsregisteret
- Tingrettane
Sletting og arkivering
Opplysningane slettar vi på bakgrunn av endring eller slettemelding frå føretaket. Føretak kan også bli sletta av registerførar om vi antar at det er nedlagd.
Opplysningane blir ikkje fysisk sletta, men arkivert i samsvar med arkivlova.
Rettsleg grunnlag og formål
Det rettslege grunnlaget for behandlinga av personopplysningar i Frivilligregisteret er frivilligregisterlova med forskrifter.
Formålet med Frivilligregistert er å forbetre og forenkle samhandlinga mellom frivillig verksemd og offentlege myndigheiter, og å legge til rette for det offentlege sin politikk overfor frivillig verksemd. Formålet med registeret er vidare å styrke og bevare grunnlaget for frivillig verksemd.
Opplysningar vi behandlar
For å kunne bli registrert i Frivilligregisteret, må eininga ha eit styre som er registrert i Einingsregisteret. Dette inneber at opplysningane om enkeltpersonar ikkje blir registrert i Frivilligregisteret, men at personopplysningar blir behandla gjennom interaksjon med Einingsregisteret. Einingsregisteret skal da innehalde opplysningar om namn, bustadadresse og fødselsnummer eller d-nummer.
Alle dokument som blir sendt inn i samband med melding om registrering blir arkivert og lagra i saksbehandlingssystemet. Blankett og vedlegg som blir sendt inn på papir blir skanna. Det same gjeld dokument som blir sendt inn i samband med klager på Frivilligregisteret sine vedtak. I desse dokumenta kan det vere personopplysningar.
Opplysningane hentar vi frå dokumenta vi får tilsendt, og frå Einingsregisteret. Det er også mogleg å melde inn opplysningar til Frivilligregisteret via Integrasjonsløysinga.
Det er lovregulert kva opplysningar vi skal registrere, men det er frivillig å ta på seg verv eller roller i einingane som blir registrert.
Utlevering av opplysningar
Frivilligregisteret leverer ikkje ut personopplysningar. Opplysningar om styret eller kontaktperson blir eventuelt utlevert frå Einingsregisteret.
Sletting og arkivering
Vi slettar opplysningane frå registeret på bakgrunn av endring eller slettemelding. Dei kan også bli sletta av registerførar om vi antar at det er nedlagd.
Opplysningane blir ikkje fysisk sletta, men arkivert i samsvar med arkivlova.
Rettsleg grunnlag og formål
Det rettslege grunnlaget for behandling av personopplysningar i Jegerregisteret er viltlova. Formålet med Jegerregisteret er å registrere jegerar som har bestått jegerprøven, og bruke opplysningane til å sende ut jegeravgiftskort. Jegerregisteret inneheld også opplysningar om jegerar som er frådømd jaktretten. På denne måten skal Jegerregisteret gi ei uttømmande opplisting av personar som oppfyller vilkåra for å drive jakt i Noreg.
Opplysningar vi behandlar
Personopplysningane som vi behandlar i Jegerregisteret er namn, fødselsdato og fødselsnummer eller d-nummer.
Opplysningane hentar vi frå den registrerte sjølv. Dei som skal drive jakt i Noreg må vere registrert i Jegerregisteret. Det er regulert i lov kva opplysningar vi skal registrere.
Opplysningar om tap av rettar blir sendt inn av påtalemyndigheita.
Utlevering av opplysningar
Jegerregisteret gir opplysningar til alle som ønsker å vite om ein person er registrert i registeret og om vedkommande har betalt jegeravgift. For å få opplysningane må fødselsnummer bli oppgitt.
Sletting og arkivering
Om den registrerte jegeren ikkje betaler jegeravgifta, eller blir frådømd jaktretten, blir opplysningane om vedkommande sletta frå Jegerregisteret. Da slettar vi også eventuell informasjon om straffbare forhold. Ved ny avlagt jegerprøve, slettar vi eventuell informasjon om straffbare forhold.
Opplysningane blir ikkje fysisk sletta, men arkivert i samsvar med arkivlova.
Rettsleg grunnlag og formål
Det rettslege grunnlaget for behandling av personopplysningar i Konkursregisteret er konkurslova og konkursregisterforskrifta.
Formålet med behandlinga av personopplysningar i Konkursregisteret er å lette tilgangen til informasjon om konkursbehandlinga, vere til hjelp for tingretten og bustyrar i konkursbehandlinga, og kjempe mot økonomisk kriminalitet.
Opplysningar vi behandlar
Vi registrerer opplysningar om konkursbu som er under behandling i tingretten. Vi registrerer
- innehavar
- dagleg leiar
- styremedlemmar
- stiftarar
- aksjonær som eig over 20%
- bustyrar
- revisor
- rekneskapsførar
Personar som er har konkurskarantene blir registrert i Konkursregisteret.
Personopplysningane vi behandlar i Konkursregisteret er namn, fødselsnummer eller d-nummer, adresse, telefonnummer og e-postadresse.
Opplysningane hentar vi frå den tingretten som avseier kjenning om konkursopning eller konkurskarantene. I tillegg hentar vi opplysningar om rolleinnehavarar frå Einingsregisteret.
Utlevering av opplysningar
Konkursforskrifta regulerer kva opplysningar vi kan utlevere og kor lenge dei skal vere offentleg tilgjengeleg. Desse opplysningane blir utlevert til alle som kontaktar oss og oppgir fødselsnummer, d-nummer eller organisasjonsnummer.
Kredittopplysningsføretak kan abonnera på opplysningar om opning av konkurs, akkordforhandlingar og konkurskarantenar.
Opplysningar som skal kunngjerast etter konkurslova blir kunngjort på våre nettsider.
Sletting og arkivering
Om ei rettsleg avgjerd om konkursopning eller konkurskarantene blir omgjort eller oppheva etter anke, blir opplysningane som er registrert sletta. Det går ut kunngjering om dette som vil vere tilgjengeleg i tre veker.
Opplysningar om konkursbu eller tvangsavviklingsbu som gjeld fysiske personar blir sletta eitt år etter avsluttande rettsleg avgjerd eller utlodding.
Opplysningar om konkursbu eller tvangsavviklingsbu som gjeld juridiske personar blir sletta tre år etter avsluttande rettsleg avgjerd eller utlodding.
Opplysningane blir ikkje fysisk sletta, men arkivert i samsvar med arkivlova.
Rettsleg grunnlag og formål
Det rettslege grunnlaget for behandling av personopplysningar i registeret er kommunelova. Formålet med Kommunalt rapporteringsregister er å gi ei elektronisk oversikt over dei samla rapporteringspliktene kommunar og fylkeskommunar har som følge av lov eller vedtak. Registeret skal vere eit verkemiddel for samordning og forenkling.
Opplysningar vi behandlar
Når verksemdene som forvaltar rapporteringsplikter retta mot kommunesektoren skal registrere informasjon i Kommunalt rapporteringsregister, må dei ha brukartilgang. For å få brukartilgang i registeret må verksemda sin representant registrere seg gjennom ID-porten. I registreringsprosessen skal det for kvar enkelt rapporteringsplikt registrerast kven som er verksemda si fagansvarlege.
Kommunalt rapporteringsregister registrerer rollene
- saksbehandlarar eller registreringsansvarlege hos dei enkelte verksemder
- fagansvarlege for dei enkelte rapporteringsplikter
Informasjon vi registrerer om den enkelte person er
- etatstilhøyrsle
- fornamn
- etternamn
- telefonnummer
- e-postadresse
Vi registrerer også dato for siste oppdatering av personopplysningane.
Kommunalt rapporteringsregister brukar kontaktinformasjon i arbeidet med rettleiing for å hjelpa verksemdene med å oppfylle kravet i kommunelova, og bidra til god kvalitet på informasjon knytt til den enkelte rapporteringsplikt.
Det er representanten for verksemdene som skal registrere opplysningane i Kommunalt rapporteringsregister. Det er regulert i lov kva opplysningar som skal registrerast.
Utlevering av opplysningar
Personopplysningar knytt til saksbehandlarar, registreringsansvarlege og fagansvarlege hos den enkelte verksemd blir ikkje viste i opne data eller andre produkt frå Kommunalt rapporteringsregister. Namn på fagansvarlege blir likevel oppgitt i registerutskrift frå Kommunalt rapporteringsregister. Dette er berre tilgjengeleg for saksbehandlarar og registreringsansvarlege hos alle verksemdene som er registrert i registeret.
Sletting og arkivering
Personopplysningar blir ikkje sletta frå Kommunalt rapporteringsregister, da det skal vere mogleg å hente ut historiske data på dei enkelte rapporteringsplikter.
Rettsleg grunnlag og formål
Det rettslege grunnlaget for behandling av personopplysningar i Lausøyreregisteret er gitt i tinglysingslova og forskrift om tinglysing. Heimel for tinglysingstilgangen i Lausøyreregisteret fins i fleire lovar, medrekna pantelova, tvangsfullføringslova, tvistelova, ekteskapslova, gjeldsordningslova, konkurslova, skiftelova, dekningslova, straffeprosesslova og verjemålslova.
Registrering av pantehefte og andre rettar
Formålet med behandlinga av personopplysningar knytt til pantehefte og andre rettar i Lausøyreregisteret er å gi pant og rettar i lausøyre rettsvern overfor konkurrerande rettshavarar.
Inkje til utlegg og utleggstrekk
Formålet med registrering av opplysningar om inkje til utlegg og utleggstrekk er å betre avgjerdsgrunnlaget for ytterlegare utlegg eller utleggstrekk, i tillegg til ei betring av kredittopplysingsgrunnlaget.
Gjeldsordning
Formålet med registreringa av gjeldsforhandling og gjeldsordning er offentleggjering av informasjon om kven som har fått opna ei gjeldsforhandling eller innvilga ei gjeldsordning. Det er viktig at opplysningane er offentleg tilgjengeleg under gjeldsforhandlinga og i gjeldsordningsperioden, først og fremst av omsyn til kreditorane.
Ektepaktregisteret
Formålet med tinglysing av ektepakter i Ektepaktregisteret er å etablere rettsvern overfor ektefellane sine kreditorar.
Opplysningar vi behandlar
I Lausøyreregisteret registrerer vi kven som har sendt inn melding. Dette kan vere ein av partane eller representant for desse. Vi registrerer også partane i saka, som kan vere debitor, kreditor, pantsettar, panthavar, saksøkar, saksøkte, ektefellar, leietakar eller utleigar.
Personopplysningane vi behandlar i Lausøyreregisteret er namn, fødselsnummer eller d-nummer og adresse.
Opplysningane hentar vi frå dei innsende dokumenta.
Utlevering av opplysningar
Opplysningane i Lausøyreregisteret blir utlevert til alle som oppgir fødselsnummer, d-nummer, organisasjonsnummer, dagboknummer eller ei motorvogn sitt registreringsnummer som rettsstiftinga er tinglyst på.
Kredittopplysningsføretak kan abonnere på opplysningar frå Lausøyreregisteret.
Opplysningar om utleggstrekk og forretningar om inkje til utlegg kan berre bli gitt til advokatar, finansinstitusjonar, inkassobyrå, kredittopplysningsbyrå og offentlege myndigheiter med teieplikt etter forvaltningslova eller annan lov.
Kopi av gjeldsordningsavtale kan berre utleverast til tingretten, namsmenn, offentleg myndigheit, skuldnaren og denne sin ektefelle, kreditorar og andre partar.
Hefte i motorvogn er offentleg tilgjengeleg for alle på våre nettsider.
Sletting og arkivering
Dei registrerte opplysningane i Lausøyreregisteret slettar vi etter reglane i tinglysingslova.
Rettsstiftingane blir sletta etter kravsmål frå rettshavar eller om det blir tinglyst bevis for at dei er falne bort.
Om ikkje rettsstiftingane blir sletta på dette grunnlag, vil opplysningane bli sletta automatisk når verkanden av tinglysinga fell bort etter enda rettsvernstid. Enda rettsvernstid medfører automatisk sletting etter følgande tidsfristar:
- leasing i motorvogn blir sletta 30 år etter tinglysing.
- pant i driftstilbehøyr, pant i varelager, pant i motorvogner og anleggsmaskiner, pant i jernbanemateriell, pant i landbrukslausøyre, pant i fiskereiskaper, salspant i motorvogn og factoringavtalar blir sletta 20 år etter tinglysing.
- utlegg blir sletta 5 år etter tinglysing
- inkje til utlegg blir sletta 3 år etter tinglysing
- arrest og straffeprosesshefte blir sletta 2 år etter tinglysing.
- utleggstrekk blir sletta når trekkperioden er slutt.
- abandonering blir sletta når avslutning av konkursen eller tvangsavviklinga blir merkt i Lausøyreregisteret
- opning av gjeldsforhandling blir sletta når gjeldsordninga blir registrert.
- andre dokumenttypar, som ektepakt, gjeldsordningar, verjemål og private beslagsforbod, har ingen automatisk slettedato. Ektepakter kan likevel bli sletta etter kravsmål om det blir dokumentert at dei har mista rettsverknad.
Når akkord er stadfesta, skal gjeldsnemnda sin leiar sørge for at tinglysinga/registreringa i Lausøyreregisteret/Føretaksregisteret blir sletta.
Opplysningane blir ikkje fysisk sletta, men arkivert i samsvar med arkivlova.
Rettsleg grunnlag og formål
Oppgåveregisteret skal sørge for effektiv samordning og utnytting av oppgåve- og rapporteringsplikter som offentlege organ pålegg næringsdrivande. Registeret skal innehalde ei oppdatert oversikt over alle slike oppgåveplikter og bidra med informasjon om desse og den samordning som finn stad.
Når verksemder eller etatar som forvaltar rapporteringsplikter retta mot næringslivet skal registrere informasjon i Oppgåveregisteret, må dei ha brukartilgang. For å få brukartilgang i registeret må verksemdas representant registrere seg gjennom ID-porten. I registreringsprosessen skal det på kvar enkelt rapporteringsplikt registrerast kven som er verksemda sin fagansvarlege.
Registrerte opplysningar blir brukt til identifisering og autorisering for tilgang til Oppgåveregisteret.
Vidare nyttar Oppgåveregisteret kontaktinformasjon i arbeidet med rettleiing for å hjelpe verksemdene med å oppfylle kravet i Oppgåveregisterlova, og bidra til god kvalitet på informasjon knytt til den enkelte rapporteringsplikt.
Opplysningar vi behandlar
Oppgåveregisteret registrerer rollene
- saksbehandlarar og registreringsansvarlege hos dei enkelte verksemdene
- fagansvarlege for dei enkelte rapporteringsplikter
Informasjon vi registrerer om den enkelte person er:
- etatstilhøyrsle
- fornamn
- etternamn
- telefonnummer
- e-postadresse
Vi registrerer også dato for siste oppdatering av personopplysningane.
Det er representanten for verksemdene eller etatane som skal registrere informasjon i Oppgåveregisteret.
Utlevering av opplysningar
Personopplysningar knytt til saksbehandlarar, registreringsansvarlege og fagansvarlege hos dei enkelte verksendene vises ikkje i opne data eller i andre produkt frå Oppgåveregisteret
Namn på fagansvarleg blir likevel oppgitt i registerutskrift frå Oppgåveregisteret. Dette er berre tilgjengeleg for saksbehandlarar og registreringsansvarlege hos verksemdene som er registrerte i Oppgåveregisteret.
Sletting og arkivering
Personopplysningane blir ikkje sletta frå Oppgåveregisteret, da det skal vere mogleg å hente ut historiske data på dei enkelte rapporteringsplikter.
Rettsleg grunnlag og formål
Rettsleg grunnlag for behandlinga av personopplysningane er lov om trudomssamfunn og lov om tilskott til livssynssamfunn. Kulturdepartementet er behandlingsansvarleg, medan Brønnøysundregistera er databehandlar.
Vi kontrollerer medlemslistene for trus- og livssynssamfunn, slik at dei skal kunne danna grunnlag for utbetaling av tilskot for samfunn utanfor Den norske kyrkja. Formålet med kontrollen er å sikre eit mest mogleg korrekt grunnlag for utbetaling av tilskot.
Opplysningane vi behandlar
Personopplysningane vi registrerer er namn, livssyn, adresse, fødselsnummer og status hos Folkeregisteret.
Alle trus- og livssynssamfunn må sende inn ei oversikt til statsforvaltar over fødselsnummer som det blir kravd tilskot for. Statsforvaltar sender oversikta vidare til oss. Vi kontrollerer opp mot Folkeregisteret, Den norske kyrkja sitt medlemsregister og oversikter frå andre trus- og livssynssamfunn.
Utlevering av opplysningar
Utover det som følger av saksbehandlinga til statsforvaltarane og departementet, blir ikkje personopplysningane gjort kjent for andre enn den det gjeld. Om ein person står oppført som medlem i meir enn eitt trus- eller livssynssamfunn, vil ikkje dei enkelte trus- og livssynssamfunna få oppgitt kva anna samfunn den aktuelle personen står oppført i. Samfunna vil berre få beskjed om kva medlemmer som står oppført i meir enn eitt trussamfunn.
Sletting og arkivering
Når den årlege kontrollen er gjennomført og personopplysningane ikkje lenger har følge for saksbehandlinga, skal Brønnøysundregistera og statsforvaltarane slette alle oversikter som inneheld fødselsnummer. Kulturdepartementet gir oss beskjed når opplysningane kan slettast. Alle opplysningar som er relaterte til fødselsnummer slettar vi ein gang i året. Dette omfattar innhald i database, på papir, diskettar og lagra filer. Back-up blir sletta etter ein månad.
Rettsleg grunnlag og formål
Rettsleg grunnlag for behandling av personopplysningar i Partiregisteret er partilova og partilovforskrifta.
Formålet med registreringa er å sikre notoritet og klårleik i kven som kan representere partiet ute.
I Partiregistert registrerer vi opplysningar om kontaktperson som er registrert i Einingsregisteret, og opplysningar om partiet sitt utøvande organ. For desse personane inneheld registeret opplysning om namn, bustadadresse og fødselsnummer eller d-nummer.
Som underlagsdokumentasjon skal det ved nyregistrering leggast ved erklæringar frå minst 5 000 personar med stemmerett ved stortingsval, som seier at dei ønsker partinamnet registrert. Namn, fødselsdato og adresse skal gå fram av erklæringa. Den skal vere eigenhendig underskriven og datert av den som har gitt erklæringa. Desse opplysningane blir ikkje registrert i noko system, men blir oppbevara som underlagsdokumentasjon.
Opplysningane hentar vi frå dei innsendte dokumenta vi får frå kontaktperson eller tilsvarande.
Det er regulert i lov kva opplysningar vi skal registrere, men det er frivillig å ta på seg verv eller roller i eit parti og å gi erklæring på underskriftslistene.
Utlevering av opplysningar
Alle opplysningar i Partiregisteret, mellom anna opplysningane om medlemmer av partiet sitt utøvande organ og kontaktperson i Einingsregisteret, er offentlege. Dette gjeld likevel ikkje opplysningar om fødselsnummer eller d-nummer og bustadadressene til medlemmene av partiet sitt utøvande organ. For kontaktpersonar er ikkje opplysningane om fødselsnummer og d-nummer offentlege tilgjengeleg.
Underskriftslistene er unntatt offentlegheit, og blir ikkje lagra elektronisk. Desse blir oppbevara i arkivet vårt.
Sletting og arkivering
Verkanden av registreringa opphøyrer og partinamnet blir ledig når partiet ikkje har stilt liste i noko valdistrikt ved to påfølgande stortingsval. Partinamnet skal da slettast frå Partiregisteret. Det same gjeld fire år etter at partiet er oppløyst eller har skifta namn. Opplysningane om partiet sitt utøvande organ vil da også bli sletta frå registeret.
Utøvande organ og kontaktperson blir også sletta frå registeret om nytt utøvande organ eller kontaktperson blir meldt.
Opplysningane blir ikkje fysisk sletta, men arkivert i samsvar med arkivlova.
Rettsleg grunnlag og formål
Rettsleg grunnlag for behandling av personopplysningar i Register for utøvarar av alternativ behandling er lov om alternativ behandling av sjukdom mv. og forskrift om registrering av alternative behandlarar.
Formålet med registeret er å bidra til auka ivaretaking av pasientsikkerheit og forbrukarrettar for den som oppsøker ein registrert alternativ behandlar, og å bidra til seriøsitet og forretningsmessige ordna forhold blant utøvarar av alternativ behandling.
Opplysningar vi behandlar
Personopplysningane som blir behandla i Registeret for utøvarar av alternativ behandling er namn, fødselsdato, adresse og fødselsnummer eller d-nummer. I tillegg registrerer vi arbeidsstad, medlemsforhold, telefon og e-postadresse.
Opplysningane hentar vi frå dokumenta vi mottar om registrering. Det er frivillig å registrere seg, men det er regulert i lov kva opplysningar som skal registrerast.
Utlevering av opplysningar
Opplysningane utleverer vi til alle som oppgir fødselsnummer eller d-nummer til ein utøvar av alternativ behandling. Det er mogleg å søke i registrerte opplysningar på våre nettsider.
Sletting og arkivering
All dokumentasjon som blir sendt inn i samband med registrering blir elektronisk lagra i saksbehandlingssystemet. Originalane blir oppbevart i om lag 3 månader før dei blir makulert.
Opplysningane slettar vi etter førespurnad frå den registerte, samt i dei tilfella der vedkommande ikkje lenger oppfyller krava til å stå registrert. Utøvarar blir sletta automatisk når dei ikkje lenger oppfyller krava til å stå registrert.
Opplysningane blir ikkje fysisk sletta, men arkivert i samsvar med arkivlova.
Rettsleg grunnlag og formål
Rettsleg grunnlag for behandling av personopplysningar i Register over reelle rettshavarar er lov om register over reelle rettshavarar med tilhøyrande forskrift.
Formålet med registeret er å legge til rette for rapporteringspliktige, myndigheitene og andre sin tilgang til oppdaterte, korrekte og tilstrekkelege opplysningar om reelle rettshavarar. Større openheit om juridiske personar og arrangement sine reelle rettshavarar er eit vesentleg tiltak for å motverke misbruk av verksemdene i kvitvasking, terrorfinansiering og annan kriminalitet.
Opplysningane vi behandlar
Det er lovregulert kva opplysningar som skal registrerast. Vi registrerer desse opplysningane om reelle rettshavarar:
- namn
- fødselsnummer eller d-nummer
- fødselsdato for fysiske personar som ikkje har fødselsnummer eller d-nummer
- bustadland
- statsborgarskap
- reell rett/kontroll (posisjon og grunnlag)
For personar som er registrerte i Folkeregisteret blir opplysningane om namn, fødselsnummer eller d-nummer, fødselsdato, fødselsår, bustadland og statsborgarskap henta derifrå. For personar som ikkje er registrerte i Folkeregisteret, hentar vi opplysningane frå meldingane som blir sende til registeret. Dei resterande opplysningane om reelle rettshavarar og kontroll blir henta frå meldinga som er send inn.
Alle meldingar om reelle rettshavarar som blir sende til registeret blir arkiverte og lagra i saksbehandlingssystemet.
Det er lovregulert kva opplysningar som skal registrerast, men det er frivillig å ta på seg eigarskap eller kontroll over verksemder.
Dersom melding om registrering av reelle rettshavarar ikkje blir send inn innan gjeldande fristar, skal den registreringspliktige verksemda bli ilagd tvangsmulkt. Dersom verksemda ikkje betaler kan tvangsmulkta også bli ilagd eventuelle styremedlemmer, dagleg leiar, ansvarlege deltakarar, komplementarar, forretningsførarar, representantar for norskregistrerte utanlandske føretak og forvaltarar av utanlandske trustar. Det er mogleg å søke om ettergiving av tvangsmulkt. I den forbindelsen inneheld ofte dokumenta som blir sende inn sensitive personopplysningar. Som grunnlag for å få ettergitt tvangsmulkta vil opplysningar om sjukdom, straffbare forhold, personleg økonomi og andre sosiale forhold ofte bli gitt som årsak til at innsendingsfristen ikkje blei halden. Regelen om ilegging av tvangsmulkt trer i kraft 31. juli 2025.
Det er mogleg å klage på registreringsvedtak i Register over reelle rettshavarar. I desse dokumenta vil ein kunne finne personopplysningar.
Mindreårige reelle rettshavarar skal skjermast for innsyn. Det vil seie at opplysningar om namn, fødselsnummer, fødselsdato og månad, og grunnlag for retten eller kontrollen blir unntatt frå innsyn for aktørar som ikkje skal ha tilgang til skjerma opplysningar. Det er også mogleg å søke om skjerming som reell rettshavar. Søknad kan bli innvilga dersom det er ein konkret, ekstraordinær og uforholdsmessig risiko for at den fysiske personen søknaden gjeld, kan bli utsett for bedrageri, utpressing, trakassering, vald eller truslar. Søknad kan også bli innvilga dersom den fysiske personen er tatt frå rettsleg handleevne. I den forbindelse vil dokumenta kunne innehalde sensitive personopplysningar.
Alle dokument som blir sende inn i forbindelse med søknad om skjerming og klagar på vedtak blir arkiverte og lagra i Public 360.
Databehandlar
Melding om registrering av reelle rettshavarar skal sendast gjennom Altinn, eventuelt gjennom maskinell innrapportering frå fagsystem.
Digitaliseringsdirektoratet forvaltar Altinn. I forbindelse med innlogging vil innloggingsinformasjonen bli behandla. Altinn si personvernerklæring gir informasjon om kva personopplysningar som blir behandla i samband med innlogging, søknadsskjema og signering.
For maskinell innrapportering, sjå under «utlevering av opplysningar».
Utlevering av opplysningar
Aktørar som skal ha tilgang til registeret og dermed få utlevert opplysningar er:
- Offentlege myndigheiter nemnd i forskrift til lov om register over reelle rettshavarar § 3-11 første ledd:
- politi- og påtalemyndigheit
- eininga for finansiell etterretning ansvarleg for å motta opplysningar om mistenkelege forhold etter kvitvaskingslova § 26
- skattemyndigheiter
- tilsynsmyndigheiter for rapporteringspliktige etter kvitvaskingsregelverket
- andre myndigheiter med ansvar for å etterforske og påtale kvitvasking, primærforbrytingar og terrorfinansiering
- andre myndigheiter med ansvar for sporing, bandlegging og inndraging av utbytte
- sikkerheitsmyndigheit
- tilsynsmyndigheit for stiftelsar
- rapporteringspliktige etter kvitvaskingslova § 4
- medium omfatta av medieansvarslova § 2
- sivilsamfunnsorganisasjonar som er ideelle organisasjonar som har som formål å arbeide med å førebygge og motverke misbruk av selskapsstrukturar
- høgare utdanningsinstitusjonar som er omfatta av universitets- og høgskolelova § 3-9
Fødselsnummer og d-nummer
Offentlege myndigheiter nemnde i forskrift til lov om register over reelle rettshavarar § 3-11 første ledd og rapporteringspliktige etter kvitvaskingslova § 4 får tilgang til fødselsnummer og d-nummer, jf. forskrift til lov om register over reelle rettshavarar § 3-9.
Skjerma opplysningar
Offentlege myndigheiter nemnde i forskrift til lov om register over reelle rettshavarar § 3-11 første ledd og rapporteringspliktige etter kvitvaskingslova § 4 første ledd bokstav a,b,c,e,g,h til k,n og o får tilgang til opplysningar som er skjerma. Dette gjeld både opplysningar om reelle rettshavarar som er mindreårige og opplysningar om reelle rettshavarar som er skjerma etter søknad.
Maskinell innrapportering
Det er mogleg å sende inn melding om registrering av opplysningar om reelle rettshavarar gjennom fagsystem, såkalla maskinell innrapportering. Ved endringsmeldingar vil fagsystem få tilgang til allereie registrerte opplysningar som reelle rettshavarar, slik at registreringspliktige slepp å registrere alle opplysningar om reelle rettshavarar kvar gong det skjer endringar. Det å få opplysningane førehandsutfylt frå registeret kan innebere ei form for levering eller utlevering av opplysningar frå registeret.
Heimelen til slik levering er gitt i forskrift til lov om register over reelle rettshavarar: «dersom det er nødvendig for å legge til rette for registrering av opplysninger gjennom fagsystem, kan registerfører avgi registrerte opplysninger til fagsystemet. Avgivelsen skal kun skje i forbindelse med registrering av opplysninger og kan ikke lagres utover registreringsprosessen eller brukes på annen måte av fagsystemet.»
Sletting og arkivering
Opplysningane om reelle rettshavarar skal vere tilgjengelege i 10 år etter endring av reelle rettshavarar, og i 10 år etter at den registreringspliktige verksemda opphøyrer å eksistere.
Opplysningane blir ikkje fysisk sletta etter 10 år, men arkiverte i samsvar med arkivlova.
Rettsleg grunnlag og formål
Rettsleg grunnlag for behandling av personopplysningar i Rekneskapsregisteret er i rekneskapslova med forskrifter.
Formålet med Rekneskapsregisteret er å ta i mot og offentleggjere årsrekneskapen, årsmeldinga og eventuelt revisjonsmeldinga, slik at alle kan gjere seg kjent med innhaldet av dokumenta hos Rekneskapsregisteret.
Opplysningar vi behandlar
Om årsrekneskapen ikkje blir send inn innan gjeldande fristar, får den rekneskapspliktige eininga eit forseinkingsgebyr. Om ikkje eininga betalar, blir styremedlemmer, eventuelt deltakarar eller medlemmer og dagleg leiar solidarisk ansvarleg for forseinkingsgebyret. I samband med dette hentar vi inn opplysning om desse rollehavarane frå Einingsregisteret og Føretaksregisteret for å kunne krevje inn gebyr. Dette skjer automatisk etter gjeldande reglar. Opplysningane som blir registrert er fødselsnummer eller d-nummer, namn og adresse, da desse er nødvendig for å identifisere rette vedkommande.
Det er mogleg å søke om ettergiving av forseinkingsgebyr, og å klage på eventuelt vedtak om å nekte slik ettergiving. I samband med dette inneheld ofte dokumenta som blir sendt inn sensitive opplysningar. Som grunnlag for å få ettergjeven forseinkingsgebyret vil opplysningar om sjukdom, straffbare forhold, personleg økonomi og andre sosiale forhold ofte bli oppgitt som årsak til at årsrekneskapen ikkje er sendt inn innan fristen.
Alle dokument som blir sendt inn til Rekneskapsregisteret blir lagra elektronisk.
Det vil også kunne vere personopplysningar i årsrekneskapane som blir sendt inn. Årsrekneskapen og årsmeldinga skal underteiknast av styret, eventuelt dagleg leiar og deltakarar eller medlemmer. I notane skal ein gi opplysningar om aksjeeigarar. Årsrekneskapen blir send inn av ein representant for den rekneskapspliktige eininga.
Rekneskapsregisteret hentar opplysningar frå Tilsynsrådet for advokatvirksomhet, Legemiddelverket, Lotteri- og Stiftelsestilsynet, Finanstilsynet og Skatteetaten, for å avgjere om det den rekneskapspliktige eininga har revisjonsplikt. Desse opplysningane vil i nokre tilfelle vere personopplysningar, for eksempel om den rekneskapspliktige eininga er eit enkeltpersonføretak. I tillegg hentar vi i nokre tilfelle inn opplysningar frå andre offentlege verksemder, som for eksempel Statens innkrevjingssentral og Konkursregisteret.
Utlevering av opplysningar
Årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding er offentlege opplysningar, med visse unntak som er fastsett av rekneskapslova.
Statens innkrevjingssentral mottar opplysningar om pålagde forseinkingsgebyr og solidaransvarlege i samband med innkrevjing av forseinkingsgebyr. I tillegg mottar tingrettane opplysningar i samband med tvangsoppløysing.
Sletting og arkivering
Opplysningane er registrert så lenge den rekneskapspliktige eininga eksisterer.
Opplysningane blir ikkje fysisk sletta, men arkivert i samsvar med arkivlova.
Rettsleg grunnlag og formål
Rettsleg grunnlag for behandling av personopplysningar i Reservasjonsregisteret er marknadsføringslova og forskrift om reservasjonsregisteret.
Formålet med behandlinga er å registrere ønske frå forbrukarar om å reservere seg mot telefonsal og adressert reklame, med sikte på å tilgjengeleggjere dette for direktemarknadsførarar. Verksemder som bruker adresselister til direkte reklame, har eit sjølvstendig ansvar for å oppdatere adresselistene mot Reservasjonsregisteret.
Opplysningar vi behandlar
I Reservasjonsregisteret registrerer vi fysiske personar. Registeret inneheld opplysningar om fødselsnummer og d-nummer, namn, postadresse og telefonnummer. Opplysningane registrerer brukaren sjølv. Vi hentar også opplysningar frå Folkeregisteret. Det er frivillig å la seg registrere, og brukaren vel sjølv kva opplysningar ut over folkeregistrerte opplysningar som skal registrerast.
Utlevering av opplysningar
Opplysningar i Reservasjonsregisteret blir berre utlevert til næringsdrivande som marknadsfører direkte, til frivillige organisasjonar sine innsamlingsaksjonar og til dei som skal oppdatere adresseregister for direktemarknadsføring.
Personnummerdelen av fødselsnummeret blir ikkje utlevert.
Sletting og arkivering
Opplysningane slettar vi om den registrerte sjølv ber om dette. Ved dødsfall blir opplysningane sletta eitt år etter opplysning om bortgang frå Folkeregisteret.
Personopplysningar vi behandlar i tillegg
Oppgåvene til Gebyrsentralen blei frå og med 1.januar 2022 overførte til Justisdepartementet (Domstolsadministrasjonen og Politiets fellestjenester).
Etter overføringa vil behandlinga av personopplysningar vere avgrensa til gebyr som blei registrerte og fakturerte ved Gebyrsentralen før 1.januar 2022 i samband med:
- innbetaling av gebyr
- arkivering og sletting av registrerte opplysningar og rekneskapsbilag
Rettsleg grunnlag og formål
Rettsleg grunnlag for behandlinga av personopplysningane i Gebyrsentralen var rettsgebyrlova og rettsgebyrforskrifta.
Formålet med Gebyrsentralen var å registrere og fakturere vedlegg som grunnlag for rekneskapsføring og innkrevjing av rettsgebyr på vegner av tingrettane. Gebyrsentralen registrerer også vedlegg for utbetaling av sideutgifter til namsmenn og tingrettar, som for eksempel utgifter i samband med tvangsforretningar.
Opplysningar vi behandlar
Personopplysningar vi registrerer i Gebyrsentralen er namn og adresse på den som skal betale gebyret. Personen blei registrert som kunde i kunderegisteret.
Dokumentasjonen som blei send inn inneheld også i nokre tilfelle andre personopplysningar.
Opplysningane blei henta frå tingrettane og namsmenn.
Utlevering av personopplysningar
Personopplysningar blir berre utlevert til den aktuelle tingrett, namsmann og fakturamottakar.
Sletting og arkivering
Registrerte opplysningar blei arkivert i samsvar med bokføringslova og arkivlova. Rekneskapsvedlegga blir oppbevart i 10 år før dei blir makulert.
Rettsleg grunnlag og formål
I samband med koronapandemien har regjeringa vedtatt å innføre ei ordning som skal gi tilskot til føretak med stort omsetningsfall som følge av pandemien.
Ordninga er regulert i lov om mellombels tilskotsordning for føretak med stort omsetningsfall etter august 2020 og forskrift for utfylling og gjennomføring av lov om mellombels tilskotsordning for føretak med stort omsetningsfall etter august 2020.
Formålet med behandlinga av personopplysningane er å samle inn og kontrollere informasjon for å vurdere om vilkår for tilskot er til stade, slik at tilskot kan bli tildelt og utbetalt. Tilskotsmyndigheita kan ta etterkontroll og gi gebyr og administrative sanksjonar i fleire år etter at vedtak om tilskot er gjort.
I tillegg skal tilskotsmyndigheita offentleggjere opplysningar om tilskot til alminneleg ettersyn.
Opplysningar vi behandlar
I samband med kompensasjonsordninga blir følgande opplysningar behandla:
Namn, fødselsnummer, e-post, mobilnummer, bankkontonummer og IP-adresser og eventuelle konkurskarantenar.
Opplysningane knyt seg til kontaktperson for ansvarleg føretak i konsern, kven som har signert søknaden, rolleinnehavarar og reelle eigarar. I tillegg blir opplysningar om inntekt for personlege deltakarar i ansvarleg selskap og innehavarar i enkeltpersonføretak behandla.
Opplysningar om innehavarar i enkeltpersonføretak og personlege deltakarar i ansvarleg selskap er personleg konkurs blir også behandla.
For å kontrollere om vilkåra for å få tilskot er oppfylt, blir det henta inn og brukt opplysningar(lenke) frå blant anna Føretaksregisteret, Konkursregisteret, Skatteetaten, NAV, Finanstilsynet og Økokrim.
Databehandlarar
Brønnøysundregistera bruker to revisjonsselskap for å gjennomføre ytterlegare kontroll av enkelte søknader etter oppmoding frå tilskotsmyndigheita og dei vil i samband med dette behandle personopplysningar. Gjennom blant anna databehandlaravtalar er dei to revisjonsselskapa underlagd krav til teieplikt og til å overhalde personvernet etter same regelverk som tilskotsmyndigheita.
Digitaliseringsdirektoratet forvaltar Altinn. Søknad om kompensasjon blir sendt via skjema i Altinn. I samband med innlogging vil innloggingsinformasjon bli behandla. Altinn si personvernerklæring gir informasjon om kva personopplysningar som blir behandla i samband med innlogging, søknadsskjema og signering.
Utlevering av opplysningar
Opplysningar om kven som har fått tildelt tilskot blir offentleggjort på nettsidene våre og vil vere tilgjengeleg for alle som ønsker tilgang til desse opplysningane.
Sletting og arkivering
Opplysingane i søknaden og eventuell underliggande dokumentasjon vil bli lagra så lenge det er behov for opplysningane for å oppfylle formålet med behandlinga. Deretter vil opplysningane bli arkivert i samsvar med arkivlova.
Rettsleg grunnlag og formål
I forbindelse med koronapandemien har regjeringa vedtatt å innføre ei ordning som skal gi tilskot til føretak som har hatt utgifter til innreisekarantene i forbindelse med bruk av utanlandsk arbeidskraft.
Ordninga er regulert i lov om midlertidig tilskotsordning for føretak med utgifter til innreisekarantene ved bruk av arbeidskraft frå utlandet og forskrift til utfylling og gjennomføring av lov om midlertidig tilskotsordning for føretak med utgifter til innreisekarantene ved bruk av arbeidskraft frå utlandet.
Formålet med behandlinga av personopplysningane er å samle inn og kontrollere informasjon for å vurdere om vilkår for tilskot er til stade, slik at tilskot kan bli tildelt og utbetalt. Tilskotsmyndigheita kan gjere ein etterkontroll og gi brotsgebyr i fleire år etter at vedtak om tilskot blei gjort.
I tillegg skal tilskotsmyndigheita offentleggjere opplysningar om tilskot til alminneleg ettersyn.
Opplysningar vi behandlar
I forbindelse med karantenekompensasjonsordninga blir følgande personopplysningar behandla: Namn, fødselsnummer, internasjonalt identifikasjonsnummer som er brukt i A-meldinga, nasjonalt identifikasjonsnummer, e-post, mobilnummer, bankkontonummer og IP-adresser og eventuelle konkurskarantenar.
Opplysningane knyt seg til arbeids- og oppdragstakarar, kontaktperson for ansvarleg føretak i konsern, kven som har signert søknaden, rolleinnehavarar og reelle eigarar. I tillegg blir det behandla opplysningar om inntekt for personlege deltakarar i ansvarlege selskap og innehavarar av enkeltpersonføretak.
Det blir også behandla opplysning om innehavarar i enkeltpersonføretak og personlege deltakarar i ansvarlege selskap er personleg konkurs.
For å kontrollere om vilkåra for å få tilskot er oppfylte, blir det henta inn informasjon frå offentlege myndigheiter og private aktørar. Eksempelvis Føretaksregisteret, Konkursregisteret, Skatteetaten, Økokrim, Finanstilsynet og Arbeidstilsynet.
Databehandlarar
Brønnøysundregistera bruker tre revisjonsselskap for å gjennomføre ytterlegare kontroll av enkelte søknader etter oppmoding frå tilskotsmyndigheita og dei vil i den forbindelse behandle personopplysningar. Gjennom blant anna databehandlaravtaler er revisjonsselskapa underlagd krav til teieplikt og til å overhalde personvernet etter same regelverk som tilskotsmyndigheita.
Digitaliseringsdirektoratet forvaltar Altinn og søknad om tilskot blir sendt via skjema i Altinn. I forbindelse med innlogging vil innloggingsinformasjon bli behandla. I personvernerklæringa til Altinn er det informasjon om kva personopplysningar som blir behandla i forbindelse med innlogging, søknadsskjema og signering.
Utlevering av opplysningar
Opplysningar om kven som har fått tildelt tilskot blir offentleggjort på nettsidene våre og vil vere tilgjengeleg for alle som ønsker tilgang til desse opplysningane.
Sletting og arkivering
Opplysningane i søknaden og eventuell underliggande dokumentasjon vil bli lagra så lenge det er behov for opplysningane for å oppfylle formålet med behandlinga. Deretter vil opplysningane bli arkivert i samsvar med arkivlova.
Rettsleg grunnlag for behandlinga av opplysningane om tap av rettar er straffelova, einingsregisterlova og føretaksregisterlova.
Formålet med registreringa er å hindre at personar som etter straffelova §56 er frådømd retten til å drive med verksemd eller aktivitet, blir registrert i nye roller i Føretaksregisteret og Einingsregisteret, og at vedkommande blir fjerna frå eksisterande roller. I tillegg nyttar vi opplysningane i Jegerregisteret for dei tilfella der vedkommande er frådømd jaktretten. Det er Konkursregisteret som fører oversikten over tap av rettar.
Opplysningar vi behandlar
Personopplysningane vi behandlar er namn, fødselsnummer eller d-nummer og adresse.
Opplysningane hentar vi frå påtalemakta, som sender domsslutninga.
Utlevering av opplysningar
Opplysningane er til internt bruk hos oss, og er ikkje offentleg tilgjengeleg. Opplysningane kan bli utlevert til den det gjeld, politi og påtalemakt, og til andre om det føreligg heimel i lov.
Sletting og arkivering
Opplysningane slettar vi når perioden for tap av rettar er slutt. Originaldokumenta blir makulert på same tidspunkt.
Opplysningane blir ikkje fysisk sletta, men arkivert i samsvar med arkivlova.
Dersom du søker jobb hos oss, treng vi å behandle opplysningar om deg for å vurdere søknaden din. Tilsettingsprosessen inneber behandling av dei opplysningane du gir oss gjennom dokumenta du sender, blant anna søknad, CV, vitnemål og attestar. I tillegg til eventuelle intervju, kan vi også gjennomføre eigne undersøkingar, typisk samtalar med referansane dine.
Vi bruker jobbsøkarportalen Jobbnorge til å administrere innsende søknadar på dei ledige stillingane våre.
For å vurdere innsend dokumentasjon, gjennomføre intervju og ringe referansar er behandlingsgrunnlaget personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav b. Denne bestemminga tillét oss å behandle personopplysningar når det er nødvendig for å gjennomføre tiltak på jobbsøkar si oppmoding før ein avtale blir inngått. Ved å søke på stillinga og laste opp dokument vurderer vi det slik at jobbsøkaren ber oss vurdere innsend dokumentasjon, gjennomføre intervju og ringe referansar med sikte på å inngå ein arbeidsavtale.
Dersom vi gjer eigne undersøkingar utover dette, for eksempel å ta kontakt med nokon som har utferda ein attest, men som ikkje er oppgitt som referanse, er behandlingsgrunnlaget for slike undersøkingar personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav f, som tillét oss å behandle opplysningar som er nødvendige for å vareta ei velgrunna interesse som veg tyngre enn omsynet til den enkelte sine interesser eller grunnleggande rettar og fridommar. Den velgrunna interessa er å finne rett kandidat til stillinga.
Du treng ikkje å oppgi særlege kategoriar av personopplysningar i søknaden din eller på intervjuet. Du kan likevel velje å gjere det. Dersom du oppgir at du har ei funksjonsnedsetting som vil krevje tilrettelegging på arbeidsplassen eller i arbeidsforholdet, har vi plikt til å kalle inn minst ein søkar med slik funksjonsnedsetting til intervju, jf. forskrift til lov om statens ansatte mv. § 6. Derfor er behandlingsgrunnlaget vårt for desse opplysningane personvernforordninga artikkel 6 nr 1. bokstav c, slik at behandlinga er nødvendig for å:
- etterleve ei rettsleg forplikting, sjå artikkel 9 nr. 2 bokstav b
- oppfylle plikta vår på området arbeidsrett i tråd med lova
I andre tilfelle er behandlingsgrunnlaget vårt personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav a, altså det eksplisitte samtykket ditt, sjå artikkel 9 nr. 2 bokstav a. Du kan når som helst trekke tilbake dette samtykket. At du trekker samtykket ditt vil ikkje påverke lovlegheita av behandlinga av personopplysningar som skjedde før du trakk samtykket tilbake.
Stillingssøknadar blir oppbevarte i Jobbnorge sitt jobbsøkarsystem. Generelle søknadar blir sletta innan 365 dagar og søknadar med status tilsett eller intervju blir sletta innan 540 dagar. Søkarliste og innstillingar og stillingssøknadar blir overførte til saks- og arkivsystemet vårt og blir bevara og oppbevarte i tråd med arkivlovgivinga.
Når du registrerer e-postadressa di samtykker du til at vi sender deg nyheitsbrev og at vi bruker e-postadressa di til å gjere dette. Du kan når tid som helst melde deg av nyheitsbrevet.
E-postadressa blir lagra i ein eigen database drifta av databehandlaren vår Make AS, og blir ikkje delt med andre.
Bruk av informasjonskapslar (cookies)
Ein informasjonskapsel er ei lita tekstfil som blir lagra på datamaskina di når lastar inn ei nettside. På brreg.no bruker vi informasjonskapslar til å lagre informasjon om val du har gjort på sida, og til å fordele trafikken på serverane våre. Desse sletter vi automatisk når du avsluttar nettleserøkta.