Nordic Smart Government & Business
Sist oppdatert: 23. september 2022.
Brønnøysundregistera og dei nordiske registerforvaltarane samarbeider om prosjektet Nordic Smart Government & Business (NSG&B).
NSG&B er forankra i Nordisk ministerråd og er eit av tiltaka som skal bidra til å nå visjonen om at Norden skal bli verdas meste berekraftige og integrerte region. Saman med dei andre nordiske registerforvaltarane og skattemyndigheitene har vi ansvaret for å leie arbeidet.
Det er dei små og mellomstore bedriftene som er den viktigaste målgruppa for NSG&B. Det vil seie bedrifter som ikkje er store nok til å ha eigne tilsette til å jobbe med digitalisering, avansert analyse av bedrifta sine data eller rapportering.
Målet er å legge til rette for at bedrifter kan dele bokførings- og finansielle data smartare, sikrare og raskare med andre bedrifter og myndigheiter, både i eige land og på tvers av dei nordiske landa. Bedriftene si rapportering til det offentlege vil bli langt enklare og tilgang til betre data vil blant anna gi auka effektivitet og betre kontrollmoglegheiter og danne grunnlag for verdiskaping.
Ifølge ein rapport frå Ernst & Young har NSG&B eit vinstpotensial for små og mellomstore bedrifter i Norden på 250 milliardar norske kroner per år, når visjonen er gjennomført.
Grøne verdiar
Nå som næringslivet skal gjennom ei grøn omstilling, må dei ha fakta om kva endringar som gir størst effekt og dei må kunne dokumentere og rapportere kva påverknad dei har på omverda. I NSG&B er det eit stort fokus på å få betre og meir detaljerte data om produkt og tenester gjennom verdikjeda, digitale forretningsdokument og produktinformasjon. Det vil gjere det mogleg å berekne for eksempel klimaavtrykket til eit produkt og forenkle berekraftsrapportering.
NSG&B jobbar med følgande kjerneområde dei neste åra:
Arbeidet vil bli leia av Direktoratet for forvaltning og økonomistyring i Noreg.
Det blir jobba med å sikre at dokument vi i Noreg kjenner som EHF (Efaktura, Ordre, med meir) effektivt skal kunne bli utveksla mellom dei nordiske landa.
Arbeidet blir leia frå Erhvervsstyrelsen i Danmark.
Auka bruk av strukturert digital informasjon i forretningsdokument og standardiserte måtar å dele dataa på, opnar for å forenkle rapportering både til offentlege myndigheiter og mellom aktørane i næringslivet.
Arbeidet blir leia av Skatteetaten i Noreg.
Arbeidet skal sikre at føretak bruker digitale løysingar frå dag ein. Brønnøysundregistera bidrar i arbeidet og det er eit tett samarbeid med Finland for å teste etablering av føretak over landegrenser.
Arbeidet blir leia av Bolagsverket i Sverige.
Målet er å sikre effektiv tilgang til informasjon frå autoritative kjelder over landegrenser for å etablere eit minimum av tillit mellom forretningspartnarar og sikre at informasjon i transaksjonar er i samsvar med den autoritative informasjonen. Det skal vere like enkelt for norske bedrifter å sjekke om ei finsk bedrift er lovleg registrert, og nøkkelopplysningar om den finske bedrifta, som det er å slå opp i registera våre. Og tilsvarande for ei bedrift i Finland som lurer på noko om ei norsk bedrift, men ikkje veit kven som er registermyndigheit i Noreg.
Bruk av og vidareutvikling av Brønnøysundregistera sine tenester for levering av opne data er sentralt i arbeidet.
I Noreg samarbeider Brønnøysundregistera med Skatteetaten, Statistisk sentralbyrå, Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) og Digitaliseringsdirektoratet. Samarbeidet vil bli utvida med fleire etatar og private aktørar. Vi har også ei referansegruppe med deltaking frå blant andre Regnskap Norge, Revisorforeningen, Finans Norge, NHO, Abelia, SMB Noreg, Fintech Norway, Norstella, Digital Norway og Finanstilsynet.
Les meir på prosjektet Nordic Smart Government & Business sine nettsider.