Satsingar og prosjekt
Sist oppdatert: 26. juli 2024.
Vi skal gjere kvardagen enklare for alle. Det blir avspegla i aktivitetane og satsingane våre.
Innan kvart av områda under, har vi aktivitetar som skal bidra til at vi lukkast i å nå måla våre.
Arbeidet med informasjonssikkerheit er ein kontinuerleg prosess for å vareta verdiar ved å identifisere og handtere risiko, og gjennomføre tiltak.
Informasjonssikkerheit i alle Brønnøysundregistrera sine register og tenester er avgjerande for å vareta tilliten hos brukarane våre. Vi skal levere tenester med rett informasjon, med riktig kvalitet og god informasjonssikkerheit.
Vi er ein av Noreg sine største datakjelder og har god kunnskap om både næringslivet og registerdrift. Det gjer oss til ein sentral partnar i arbeidet med å førebygge økonomisk kriminalitet og arbeidslivskriminalitet. Ved å sjå på nye måtar å dele data på, og bidra til nye innovative løysingar på området, gir vi meirverdi til arbeidet med å førebygge økonomisk kriminalitet og arbeidslivskriminalitet i det norske samfunnet.
Auka datadeling vil blant anna bidra til meir transparens om økonomiske forhold, vi avdekker useriøse aktørar og styrker konkurransesituasjonen for dei seriøse verksemdene. Gevinstane av dette vil gi auka tillit i samfunnet, noko som også blir gjort tydeleg i regjeringa sin reviderte strategi mot arbeidslivskriminalitet.
Ny nasjonal registerplattform – enorm verdi for samfunnet
Brønnøysundregistera har utvikla ei ny plattform for registertenestene våre. Registerplattforma legg til rette for langt høgare grad av automatisering og digitalisering, noko som reduserer saksbehandlingstida betrakteleg – til gunst for næringsliv og privatpersonar.
Med ny og moderne registerplattform tar Brønnøysundregistera enda eit steg i retning av å oppnå målet om meir automatisering og effektiv samhandling med kundane våre. Plattforma er eit viktig bidrag til regjeringa sitt mål om å redusere næringslivet sine kostnader knytt til pålagte reglar og innrapporteringspliktar med 11 milliardar kroner innan 2025.
I løpet av 2023 vil heile Lausøyreregisteret vere flytta til den nye plattforma, og saksbehandlingstida for digitalt innsende saker er redusert frå fire dagar til sekundar.
Lausøyreregisteret har tinglyste verdiar for meir enn 28 billionar (28 000 000 000 000) kroner, og det blir årleg behandla rundt to millionar saker i registeret. Verdien Lausøyreregisteret skapar for samfunnet er berekna til å vere rundt 471 milliardar kroner. (Tal frå 2021.)
Arbeidet med å bygge opp nye, topp moderne register for Einings- og Føretaksregisteret er også godt i gang, og vi forventar å ta i bruk automatiserte løysingar for delar av saksbehandlinga allereie tidleg i 2024. Desse registera er våre mest omfattande og komplekse, då dei er ryggrada i all informasjonsutveksling knytt til verksemder mellom verksemder, statlege etatar, finansinstitusjonar og privatpersonar.
Innan utgangen av 2026 skal vi fullføre etableringa av Einingsregisteret, Føretaksregisteret, Partiregisteret og Frivilligregisteret på den nye, automatiserte registerplattforma.
Registerplattforma vidareutviklast kontinuerleg og det blir stadig etablert nye register og registerliknande tenester. Plattforma blir tilrettelagt for at andre offentlege etatar og verksemder også skal kunne bruke den til å etablere eller modernisere sine register og registerlikande tenester.
Den nye nasjonale registerplattforma er eit viktig verkemiddel for å realisere Brønnøysundregistera sin visjon: «For tillit og fornying av samfunnet».
Brønnøysundregistera har sentrale roller i realiseringa av livshendingane. For å lukkast med å skape samanhengande tenester for brukarane, må vi legge til rette for effektiv og forenkla samhandling. Vi har ansvar for livshendinga “Starte og drive ei bedrift”, der vi har som mål å forenkle for den næringsdrivande i alle fasar i verksemda sitt liv, frå idé til avslutting. Vi er også bidragsytar saman med fleire offentlege verksemder, for livshendinga “Starte og drive ein frivillig organisasjon”. Hovudmålet er også her å skape samanhengande, digitale tenester, som forenklar kvardagen for frivillige organisasjonar, slik at dei får meir tid til aktivitet. Her kan du lese meir om dette arbeidet som vi gjer i samarbeid med andre etatar.
Det er ein sentral føresetnad at dei samanhengande tenestene blir utvikla og forenkla med brukarane sine behov som styrande.
Vi har eit omfattande samarbeid med aktørar i privat sektor. Det er viktig for verdiskapinga at den datadrivne utviklinga i dette samarbeidet både blir vidareutvikla og forsterka i åra som kjem.
Samarbeid er også ein av dei viktigaste innsatsfaktorane for å lukkast i digitaliseringsarbeidet internasjonalt. Sidan det blir stadig meir handel og samarbeid på tvers av landegrensene, er det viktig for oss å fortsette arbeidet med å legge til rette for at dette skal kunne føregå på ein så enkel, berekraftig og sikker måte som mogleg for norsk næringsliv.
Riktig kompetanse og rett kapasitet er ein føresetnad for å lukkast med satsingsområda våre. Vi må behalde kritisk kompetanse og kontinuerlig tiltrekke oss nye dyktige medarbeidarar. Vi skal legge til rette for livslang læring hos våre tilsette og vi satsar på unge talent.