Reservasjon mot telefonsal og adressert reklame
Sist oppdatert: 19. august 2024.
Du kan reservere deg mot telefonsal og å få direkte adressert reklame i posten.
Alle som sender ut reklame retta mot privatpersonar som kundar, pliktar å oppdatere listene sine mot Reservasjonsregisteret minst ein gang i månaden.
Du vil fortsatt kunne få reklame frå dei du har eit eksisterande kundeforhold til, som for eksempel bank, forsikring, bokklubb, med vidare. Du kan bli sletta frå slike lister om du ber om det, men da må du ta kontakt med kvart enkelt selskap for å få namnet ditt og adressa di stroken.
Ordninga gjeld for privatpersonar
Næringsdrivande verksemder og andre juridiske personar (for eksempel enkeltpersonføretak) kan ikkje reservere seg.
Uadressert reklame
Om du vil reservere deg mot uadressert reklame, ta kontakt med Posten Norge AS. Du finn også meir informasjon på Forbrukartilsynet sine nettsider.
Ofte stilte spørsmål om Reservasjonsregisteret
Om du loggar deg inn på Reservasjonsregisteret på denne sida, kan du sjekke om du er registrert mot telefonsal og kva telefonnummer du har lagt inn.
Nei, det treng du ikkje. Når du har reservert deg, så er det ikkje nødvendig å oppdatere reservasjonen. Du er reservert heilt til du eventuelt vel å ikkje vere reservert lenger.
Der du har eit aktivt kundeforhold, som for eksempel til bank, forsikring og bokklubb med vidare, så kan dei framleis kontakte deg. Det same gjeld marknadsundersøkingar.
Om det er nokon som kontaktar deg i strid med reservasjonen din, så kan du ta kontakt med Forbrukartilsynet for å klage på marknadsføringa.
Sjølv om du er reservert mot telefonsal og marknadsføring frå frivillige organisasjonar vil du framleis kunne få førespurnader som gjeld marknadsundersøkingar, sidan dette ikkje blir rekna som direkte marknadsføring. Du kan kontakte den enkelte verksemda som driv med marknadsundersøkingar og be om å bli sletta frå det lokale adresseregisteret deira.
Nei, du kan ikkje reservere deg mot dette i Reservasjonsregisteret. Reservasjonsretten gjeld berre mot reklame som er eit forsøk på å selje noko eller be om økonomisk støtte. For meir informasjon om regelverk om dette, sjå nettstaden til Forbrukartilsynet.