Om Registeret for utøvarar av alternativ behandling
Sist oppdatert: 11. november 2023.
Registeret for utøvarar av alternativ behandling inneheld opplysningar om registrerte utøvarar og om utøvarorganisasjonar.
Registeret for utøvarar av alternativ behandling blei oppretta i 2004, og er viktig for alle som treng opplysningar om registrerte utøvarar og om godkjende utøvarorganisasjonar.
Registerordninga skal vere med på å vareta pasientvernet og forbrukarrettane for den som oppsøkjer ein registrert alternativ behandlar. I tillegg skal ordninga medverke til seriøsitet og ordna forretningstilhøve blant utøvarar av alternativ behandling. Registreringa gjeld berre for alternativ behandling som er retta mot menneske. Behandling av dyr fell utanfor.
Frivillig registrering
Registerordninga er frivillig, og det finst ingen krav om at utøvarar må registrere seg for å drive alternativ behandling. Lov om alternativ behandling av sjukdom vil gjelde for alle, uavhengig av om utøvaren er registrert eller ikkje.
Berre utøvarar som er medlemer av ein godkjend utøvarorganisasjon kan bli registrerte i registeret.
Registreringsordninga må ikkje forvekslast med autorisasjon av helsepersonell. Det er berre alternative behandlarar som står oppførde i registeret som kan knytte nemninga «registrert» saman med yrkesnemninga si. Nemninga er ikkje ein verna tittel.
Godkjenning av utøvarorganisasjonar
Helsedirektoratet er ansvarleg for godkjenning av utøvarorganisasjonar som kan vere med i registerordninga. Godkjenninga er knytt til formelle, etiske og forretningsmessige tilhøve, og inneber inga fagleg eller kvalitetsmessig vurdering av den einskilde utøvar eller behandlingsform.
Det blir stilt ei rekkje krav til utøvarorganisasjonen for at han skal bli godkjend. Utøvarorganisasjonen må blant anna ha vedtekter som tilseier at utøvaren må forplikte seg til å drive forsvarleg verksemd, gi nødvendig informasjon til pasientane og behandle helse- og personopplysningar på ein forsvarleg måte. Utøvarorganisasjonen må også ha ein vedtektsfesta klagerett for pasientar i samband med den yrkesfaglege åtferda til medlemmene. Det er organisasjonen og ikkje det offentlege som stiller faglege krav til utøvarane. Utøvarorganisasjonane kan ha forskjellige faglege krav innan same behandlingsforma.
Gebyr og avgift
Ved førstegongsregistrering må utøvaren betale eit registreringsgebyr, og deretter ei årleg avgift for å oppretthalde registreringa. Manglande betaling vi føre til sletting.