Om Registeret for offentleg støtte
Sist oppdatert: 21. februar 2024.
Registeret for offentleg støtte (ROFS) er eit nasjonalt register for offentlege støttetildelingar som fell inn under EØS-avtalen.
Hovudoppgåver
Registeret skal bidra til openheit og transparens rundt tildelingar av offentleg støtte. Den offentlege støtta må vere publisert i registeret for å vere lovleg.
Kva blir registrert?
Offentleg støtte som fell inn under EØS-avtalen, det vil seie enkelttildelingar på 100 000 euro eller meir, skal meldast i ROFS. Registeret er likevel ope for å melde tildelingar under dette beløpet dersom støttegivaren ønsker det.
Korleis blir informasjonen i ROFS brukt?
Registeret skal gjere det enklare for offentlege myndigheiter som vurderer å gi offentleg støtte, å få informasjon om føretaket har fått anna offentleg støtte som dei må ta med i vurderinga. Vidare vil informasjonen i registeret kunne danne grunnlaget for utforming av politikk på området, og gi norske myndigheiter og EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) ein moglegheit til å få oversikt og kontrollere offentleg støtte som blir gitt i Noreg.
Kven er brukarane av registeret?
Offentlege støttegivarar, det vil seie statlege institusjonar, fylke og kommunar, bruker registeret for å registrere enkelttildelingar av offentleg støtte. Oversikt over registrerte støttetildelingar er til ei kvar tid offentleg tilgjengeleg.
Historia bak etableringa
Registeret blei oppretta 1. juli 2016 for å skape meir openheit rundt offentleg støtte, med bakgrunn i reglane om offentleg støtte i EØS-avtalen.