Om Lausøyreregisteret
Sist oppdatert: 31. mai 2024.
Lausøyreregisteret starta opp samstundes med at Pantelova av 1980 trådte i kraft, det vil seie 01.01.1981, og avløyste da dei gamle handelsregistera eller personregistera. Lausøyreregisteret er eit tinglysingsregister for rettar og pant i lausøyre. Ein tinglyst rett eller pant, gir rettsvern overfor kreditorar.
Lausøyreregisteret blei oppretta i 1980, og er eit tinglysingsregister for rettar og pant i lausøyre. Ei tinglysing medfører at retten, eller pantet, blir registrert som hefte på den personen eller det føretaket pantekravet rettar seg mot. Tinglysinga gir rettsvern for kreditor sitt krav mot debitor. Lausøyreregisteret er mest kjent som opplysningskjelde i samband med pantehefte på bruktbilar og andre kjøretøy.
Ved Lausøyreregisteret gjennomfører vi rask og påliteleg registrering av pant og andre rettar. Det gjer at næringslivet i Noreg lettare kan sikre seg lån til nye investeringar med sikring i eksisterande verdiar enn i dei fleste andre land.
Pant i bil
Er pantegjenstanden ei registrert motorvogn, er heftet knytt til registreringsnummeret. Dei fleste kjenner kanskje Lausøyreregisteret om opplysningskjelde i samband med pantehefte på brukbilar og andre køyretøy. Mange har unngått å få gjeld frå seljaren på kjøpet ved å sjekke hefte hos oss.
Andre pantegjenstander
I tillegg til motorvogner kan du blant anna tinglyse pant i anleggsmaskiner, varelager, reiskapar og buskapar i landbruket. Leasingavtaler for bilar og factoringavtaler (pant i kundefordrinaer) er andre eksempel. Alminneleg namsmyndigheit, skatteetaten, Statens innkrevingssentral og Nav innkrevjingssentral tinglyser pant ved tvangsforretningar.
Offentlege opplysningar
Tinglysingar er offentlege, det vil seie at kven som helst kan få opplysningar om dei hefte og rettar som er registrerte i Lausøyreregisteret. Saman med opplysningar frå Føretaksregisteret og Rekneskapsregisteret kan ei registerutskrift frå Lausøyreregisteret gje eit godt bilete av til dømes ein potensiell kunde eller samarbeidspartnar.
Kredittopplysningar
Sidan 01.03.2008 har utleggstrekk og «inkje til utlegg» blitt registrert i Lausøyreregisteret. Det er oppretta ein felles database for Statens innkrevjingssentral og namsmyndigheitene. Informasjonen i databasen blir send elektronisk frå namsmyndigheitene til Lausøyreregisteret og vidare til kredittopplysningsbyråa. I motsetning til tinglyste hefte i Lausøyreregisteret, er det avgrensa innsyn. Lausøyreregisteret kan berre gi desse opplysningane til advokatar, finansinstitusjonar, inkassobyrå, kredittopplysningsbyrå, offentlege myndigheiter, saksøkte og skuldnaren sjølv. Kredittopplysningsbyrå kan utlevere opplysningane vidare til kundane sine.