Om Konkursregisteret
Sist oppdatert: 23. februar 2024.
Konkursregisteret inneheld opplysningar om konkursbu og tvangsavviklingsbu.
Konkursregisteret blei oppretta i 1993. Registeret inneheld sentrale opplysningar om kvart bu, blant anna kven som er eller har vore dagleg leiar, styreleiar og revisor i det registerte føretaket, og om styreleiar, dagleg leiar eller innehavar har roller i andre føretak på opningstidspunktet.
Konkursregisteret blei oppretta som eit middel for å avdekkje og kjempe mot økonomisk kriminalitet. Gjennom Konkursregisteret kan bustyrarar, politi, domstolar og andre interesserte raskt skaffe seg viktig informasjon.
Konkursregisteret kan også gi opplysningar om nokon har konkurskarantene. Konkurskarentene kan bli gitt ein person som ved uforsvarleg forretningsførsel er funnen uskikka til å stifte, vere dagleg leiar, styremedlem eller varamedlem i eit nytt selskap.
Dei aller fleste opplysningane i Konkursregisteret er offentleg tilgjengelege i fem år frå avslutningsdato. For å få opplysningar frå Konkursregisteret må du ha ein sikker identifikator som organisasjons- eller fødselsnummer.
Alle konkursopningar blir kunngjorde på brreg.no. Etter konkursavslutning ligg kunngjeringane ute på nettet i eitt år for personar og tre år for selskap.