Registrering i EMAS
Sist oppdatert: 13. november 2024.
Skal du registrere ein organisasjon eller eit område som kjem inn under EMAS-ordninga, må du bruke skjemaet Registrering i EMAS.
I tillegg til skjemaet må du sende inn miljøutgreiing som er godkjend av ein akkreditert miljøkontrollør.
Internt
- Betre interne produksjonsprosessar
- Betre oversikt og kontroll over ressursbruk og avfall eller utslepp frå bedrifta
- Redusert risiko for kostbare oppryddingsaksjonar
- Styrkte finansielle vilkår gjennom klargjering av miljørisiko og dermed redusert uvisse for finansielle samarbeidspartnarar, lån- og forsikringsgivarar
Eksternt
- Auka tillit overfor medarbeidarar, naboar, politikarar og miljøorganisasjonar
- Bedrifta blir registrert i Brønnøysundregistera og i eit EU-register. Her kan innkjøparar sjekke leverandørar.
- Fyller dokumentasjonskrav om kompetanse innanfor miljøstyring for leverandørar i samband med regelverket for offentlege innkjøp i så vel Noreg som EU.
- Bedrifta får rett til å bruke ein EMAS-logo saman med erklæring om deltaking. Logoen kan nyttast på brevark, konvoluttar, fakturaer, emballasje og generelt informasjonsmateriell, men ikkje på produkt. Logoen er felles for heile Europa og blir kjent att i alle land.
- EMAS er eit kvalitetsstempel som av mange vil bli sett på som ein føresetnad for samarbeid.
Organisasjonar som ønsker EMAS-registrering må
- gjennomføre ei miljøkartlegging
- utarbeide eit miljøstyringssystem og sette mål for miljøprestasjon
- gjennomføre intern revisjon av system
- utarbeide ei miljøutgreiing (rapportere miljøprestasjonen)
- få gjennomførd ein ekstern revisjon av ein uavhengig miljøkontrollør (sertifiseringsorgan), som også omfattar miljøutgreiinga
- søke Brønnøysundregistera om registrering, noko miljøkontrolløren hjelper til med
I grove trekk krev EMAS-ordninga at organisasjonen kartlegg miljøsituasjonen ved å gjennomgå miljøprestasjonen under kontroll av ein akkreditert miljøkontrollør, og å utarbeide ein miljørapport. Når miljøutgreiinga er godkjend, kan organisasjonen registrere seg i EMAS-registeret.
Organisasjonen pliktar å gjennomføre nye miljørevisjonar med ikkje meir enn tre års mellomrom. Ved kvar revisjon skal det utarbeidast ny godkjent miljøutgreiing. I tillegg skal organisasjonen gjennomføre årlege, lettare miljørevisjonar.
Små- og mellomstore organisasjonar kan få forlenga registreringssyklus frå tre til fire år, og validering av miljøutgreiing kan bli forlenga frå kvart år til kvart andre år under visse føresetnader.
EMAS-registeret utfører ein kontroll av den innkomne meldinga om i kva grad organisasjonen eller området oppfyller krava i forordninga. Vidare blir det kontrollert om miljøkontrolløren er akkreditert for verksemda som blir drive av organisasjonen eller på området, om treårs-fristane for fornya registrering, og om godkjend miljøutgreiing eller årleg oppdatering er overhalde.
Når meldinga til EMAS-registeret er godkjend, blir Miljødirektoratet varsla. Direktoratet har då 14 dagar på seg til å komme med eventuelle innvendingar mot registrering grunngitt med manglande overhalding av gjeldande lovfesta miljøkrav.
Etter at uttalefristen er nådd, blir området endeleg EMAS-registrert. Dersom meldinga er i orden blir det sendt ut registreringsprov og -godkjenning.
Skjema må fyllast ut, skrivast under av dagleg leiar, styre eller den eller dei som har signaturrett og blir sendt til Brønnøysundregistera v/EMAS-registeret.
Du må legge ved
- miljøutgreiing som er godkjend av ein akkreditert miljøkontrollør
- fråsegn frå miljøkontrolløren om kontroll- og godkjenningsverksemd
Postboks 8013 Dep
0030 Oslo
Telefon: 22 24 57 11
Miljødirektoratet
Postboks 5672 Torgarden
7485 Trondheim
Telefon: 03400/73 58 05 00
Telefaks: 73 58 05 01
Norsk Akkreditering
Pb 155
Lillestrøm Bedriftssenter
2001 Lillestrøm
Telefon: 64 84 86 00