Om Einingsregisteret
Sist oppdatert: 2. januar 2024.
Einingsregisteret er ein viktig nasjonal felleskomponent som samlar inn, tar vare på og tilgjengeleggjer grunndata om verksemder.
Hovudoppgåve
Einingsregisteret skal fremje effektiv utnyttig og samordning av offentlege opplysningar om ulike typar verksemder. Registeret er eit sentralt grunndataregister som registrerer basisopplysningar om verksemder, slik at dei slepp å melde dei same opplysningane til fleire. Opplysningane blir kalla grunndata og blir brukt i stor skala på tvers av forvaltninga og blant private aktørar. Slik bidrar Einingsregisteret med forenkling, både for verksemdene og offentleg forvaltning.
Kva bli registrert?
Einingsregisteret tildeler eit ni-sifra organisasjonsnummer til alle som blir registrert. Slik får kvar enkelt verksemd ein unik identifikator som kan gjenbrukast av alle og som gjer utveksling av opplysningar enklare.
Grunndataa i registeret kan beskrivast som sentrale basisopplysningar som blir brukt av mange, som for eksempel namn, adresse, organisasjonsform, aktivitet/bransje og rollar. Einingsregisteret inneheld grunndata om ulike typar verksemder; enkeltpersonføretak, selskap, foreiningar, kommunar, sameige med fleire. Registrering i Einingsregisteret er eit vilkår for registrering i mange andre register, som Meirverdiavgiftsregisteret, Føretaksregisteret, NAV Aa-registeret, Stiftelsesregisteret, SSBs bedrifts- og føretaksregister og Konkursregisteret. I tillegg registrerer mange verksemder seg frivillig.
Alle opplysningane i Einingsregisteret er offentlege, med unntak av fødselsnummer og d-nummer.
Du må betale eit gebyr for registrering. Dette gjeld ikkje registrering av ungdoms- og studentbedrifter, lag og foreiningar.
Korleis blir informasjonen i Einingsregisteret brukt?
Mange er avhengige av opplysningane som finst i Einingsregisteret. Dei blir brukt på tvers i forvaltninga og elles i samfunnet, både kommersielt og elles. Organisasjonsnummer er ei unik identifisering som gjer gjenbruk og utveksling av opplysningar enkelt. Vi tilgjengeleggjer data på ulike måtar, blant anna i sanntid, i tenester for opne data, samstundes som vi leverer daglege endringar i Einingsregisteret til ei rekke aktørar både i offentleg forvaltning og privat sektor.
Registrerte rollar i Einingsregisteret er sjølve grunnlaget for rettar og rollar i Altinn.
Som nasjonal felleskomponent bidrar også Einingsregisteret med grunnleggande opplysningar som blir gjenbrukt i forvaltninga ved etablering og drift av digitale tenester.
Historia bak etableringa
Einingsregisteret blei opna i 1995, og var eit av dei viktigaste effektiviseringstiltaka i forvaltninga på den tida. Grunndata frå fleire sentrale register blei samla, og det blei etablert ein felles identifikator; organisasjonsnummer. I staden for at kvar offentlege etat sender ut kvar sitt skjema til verksemdene, sørger Einingsregisteret for at opplysningane kan hentast frå ein stad.