Oppdraget vårt
Sist oppdatert: 4. september 2024.
Vi sørger for orden og oversikt over opplysningar om økonomiske forhold, eigarskap og ansvar i verksemder.
Brønnøysundregistera er ein etat underlagt Nærings- og fiskeridepartementet som forvaltar registera på oppdrag frå ni departement. Kvart år får vi tildelingsbrev som er eit sentralt styringsdokument frå departementet. Tildelingsbrevet gir oss samfunnsoppdrag og mål for perioden. Det skisserer opp økonomiske rammer og kva prioriteringar, resultatmål og rapporteringskrav vi har. Ut frå dette legg vi strategien vår.
Samfunnsoppdraget vårt i 2024
Vi skal bidra til auka verdiskaping gjennom å vere ein nasjonal registerførar og datakjelde. Etaten skal forvalte registerdata på ein måte som gir tryggleik, orden og oversikt for næringslivet, frivillig sektor, innbyggarar og offentleg sektor.
Brønnøysundregistera sine brukarar er definerte som næringsliv, frivillig sektor, innbyggarar og offentleg sektor. Basert på brukarane sine behov og samfunnsoppdraget, er ønska effekt følgande:
- Brønnøysundregistera si registerverksemd skal føre til at samfunnet har tillit til at registrerte data er sikre og korrekte
- Brønnøysundregistera sine registerløysingar skal føre til ei effektiv samhandling med næringslivet, frivillig sektor, offentleg sektor og privatpersonar
Visjonen vår er: For tillit og fornying av samfunnet
Vi har fire strategiske ambisjonar som beskriv kva vi skal strekke oss etter og kva vi skal prioritere både i det daglege og i den langsiktige styringa.
- Vi skal forenkle og innovere gjennom samhandling og datadeling
- Vi skal skape tillit i samfunnet gjennom openheit og korrekte data
- Vi skal bygge ein organisasjonskultur med innovasjon og læring i sentrum
- Vi skal utforske og på ein forsvarleg måte utnytte dei moglegheiter kunstig intelligens gir
Her kan du lese heile strategien(pdf)
Berekraft
FN har definert 17 berekraftsmål. Vi har vald dei tre som vi har størst moglegheit til å påverke:
Berekraftsmål 8: Anstendig arbeid og økonomisk vekst
- Brønnøysundregistera skal ha eit godt arbeidsmiljø med likestilling og mangfald. Vi har nulltoleranse for diskriminering på bakgrunn av etnisitet, seksuell legning, kjønnsidentitet, religion, funksjonsnedsetting eller redusert arbeidskapasitet.
- Gjennom å gjere informasjon om norske verksemder tilgjengeleg, bidrar vi til å legge til rette for anstendige arbeidsforhold, forhindre svindel og slik kjempe imot arbeidskriminalitet og økonomisk kriminalitet.
- Ved å gjere berekraftsdata tilgjengelege bidrar vi til å synleggjere verksemdene sin berekraftsinnsats og gjer berekraftsrapportering til eit konkurransefortrinn.
Berekraftsmål 13: Stoppe klimaendringane
- Brønnøysundregistera skal redusere utslepp og anna miljøbelastning som verksemda vår bidrar til. Dette kan vi gjere mellom anna gjennom val av transportmiddel, val av teknologiløysingar, digitalisering, energieffektivisering, innkjøpsrutinar og krav til leverandørar.
Berekraftsmål 17: Samarbeid for måla
- Brønnøysundregistera skal bidra til å få offentleg, frivillig og privat sektor til å spele på lag for å få fart på det grøne skiftet.
- Vi skal innovere, utvikle og dele teknologi, bygge kapasitet og etablere solide samarbeidsarenaer for berekraftig utvikling.
Berekraftspolicyen er forankra i verksemdsstrategien vår og blir realisert gjennom tilhøyrande handlingsplan.
Brukarundersøkingar
Vi jobbar systematisk med å forbetre oss, og vi måler heile tida korleis vi lukkast med måla og strategiane våre. Blant anna gjennomfører vi årlege brukerundersøkingar for å få kunnskap om kva brukarane meiner.