Greit å vite om søkeprosessen
Sist oppdatert: 22. august 2022.
Når du har søkt på ei stilling hos oss, får du ein e-post med stadfesting på at vi har fått søknaden din.
Etter at søknadsfristen er gått ut, blir alle søkarane vurderte. Dei som er aktuelle for intervju blir kontakta.
Offentleg søkarliste
Vi lager ei offentleg søkarliste som inneheld namn, kjønn, bustadkommune og alder på alle søkarane på stillinga. Det er veldig strenge krav for å sleppe å vere med på ei slik liste. Om du ikkje ønsker at namnet ditt skal stå på lista, må du krysse av og grunngi dette når du søker. Dersom vi ikkje kan godta grunngivinga di, har du moglegheit til å trekke deg frå prosessen.
Utvida søkarliste
Alle søkarane har rett til å be om innsyn i utvida søkarliste. Søkarlista inneheld namn, alder, utdanning og arbeidserfaring for alle søkarane på stillinga. Det er ikkje mogleg å sleppe å stå på denne lista. Utvida søkarliste blir berre gjort tilgjengeleg for søkarane på stillinga.
Registrer CV-en din
Du kan legge inn CV-en din i CV-databasen vår. Da kan du abonnere på stillingsutlysingar og få varsel om ledige stillingar på e-post.