Korleis bli registrert?
Er de ei foreining eller driv dykk med frivillig aktivitet, treng de ofte eit organisasjonsnummer for å få konto i banken, Vipps eller liknande. Dette får de ved å registrere dykk som ei foreining i Einingsregisteret.
Det fins mange typar foreiningar, for eksempel idrettslag, speidarforeiningar, kristne organisasjonar, bileigarforeiningar, politiske parti, arbeidstakarforeiningar eller foreiningar for dei som driv med musikk, teater og andre ulike frivillige aktivitetar.
Kva er ei foreining?
Ei foreining er ei sjølveigande samanslutning med medlemmer. Foreininga skal fremme formål av felles interesse, dette kan vere av humanitær, politisk eller liknande art. Foreiningar blir styrt av medlemmene.
Kva kan vi ikkje registrere som ei foreining?
Om de er eigarar eller andelseigarar, eller om formue og gjeld kan delast på medlemmene, må de vurdere andre organisasjonsformer enn foreining. Her finn de informasjon om andre organisasjonsformer.
Kan foreininga bli registrert i Frivilligregisteret?
Om foreininga driv med frivillig aktivitet kan dykk i tillegg søke om at ho blir registrert i Frivilligregisteret. Da er det mogleg å delta i grasrotandelen, eller søke om momskompensasjon.
Må vi registrere foreininga i Føretaksregisteret?
Det er berre foreiningar som driv med næringsverksemd som kan bli registrert i Føretaksregisteret. Ved registrering i Føretaksregisteret vil foreininga få ein firmaattest. Registrering i Føretaksregisteret er gebyrbelagd. Sjå oversikt over gebyr.