De har fått organisasjonsnummer
Foreininga får tildelt organisasjonsnummer så snart ho er registrert.
Når foreininga er registrert og har fått tildelt organisasjonsnummer, vil han som har sendt inn meldinga få eit varsel på SMS eller e-post. Vi sender registerutskrift til innboksen i Altinn. Du kan også kor tid som helst hente ut registerutskrifta gratis på brreg.no.
Her finn du registrerte opplysningar ved å fylle inn organisasjonsnummer eller namn
Plikter som oppstår etter registrering
Når foreininga er registrert må de melde frå til oss når det skjer endringar i for eksempel styre eller andre opplysningar som er registrert hos oss. De brukar da skjemaet Samordna registermelding.