Sletting av foreining
Sist oppdatert: 19. mars 2024.
Du kan slette ei foreining dersom
- fleirtalet av medlemmene vedtar oppløysing eller sletting
- ho blir oppløyst som eit resultat av stadig mindre aktivitet over lengre tid
- alle medlemmene er utmelde, unntatt ein
- det skjer vesentlege endringar av foreininga sine vedtekter, slik at ho oppfattast som ei ny verksemd
- ho blir delt i fleire mindre einingar eller slått saman med andre verksemder
Du sletter foreininga ved å sende inn Samordna registermelding.
Du må legge ved:
- Dokumentasjon som viser at foreininga har slutta å eksistere, eller er vedtatt oppløyst. Dette er ofte eit referat frå ekstraordinært årsmøte, der medlemmene har vedtatt å legge ned drifta av foreininga.
Dersom foreininga er registrert i Føretaksregisteret, må du legge ved
- protokoll frå årsmøtet som viser vedtak om sletting
Når du skal sende inn protokollen, lastar du han opp som vedlegg til skjemaet Samordna registermelding i Altinn.