Registrering i Frivilligregisteret
Sist oppdatert: 19. mars 2024.
For å bli registrert i Frivilligregisteret, må de først vere registrert i Einingsregisteret. Her kan du registrere i begge registera samtidig.
Ingen organisasjonar har plikt til å registrere seg i Frivilligregisteret. Alle organisasjonar som fyller vilkåra har rett til å registrere seg.
Dersom du ønsker å registrere ein organisasjon i Frivilligregisteret, kan du gjere det ved å sende inn Samordna registermelding.
Kvifor registrere i Frivilligregisteret?
Organisasjonar som er registrerte i Frivilligregisteret, kan
- søke om å delta i Grasrotdelen, som er ei ordning der spelarar hos Norsk Tipping kan velge kva for ein frivillig organisasjon som skal få ein del av innsatsbeløpet
- søke om momskompensasjon – kompensasjon for moms dei har betalt ved kjøp av varer og tenester
Det kan også vere offentlege eller private ordningar for tilskot som føreset registrering i Frivilligregisteret.
Å registrere seg i Frivilligregisteret er gratis. Det er heller ikkje noko årsavgift for å stå registrert her.
Verksemda må drive frivillig verksemd for å kunne bli registrert i Frivilligregisteret. Frivillig verksemd betyr blant anna at ho ikkje må vere fortenestebasert. Det er berre foreiningar, stiftelsar og aksjeselskap som kan registrerast. Verksemda må ha eit styre.
Det er eit krav at verksemda er registrert i Einingsregisteret. Registreringane kan du gjere samtidig.
Aktivitetar som ikkje er basert på forteneste blir rekna som frivillig verksemd
Frivillig verksemd blir driven av
- ikkje-økonomiske (ideelle) foreiningar
- alminnelege stiftelsar som ikkje deler ut midlar, eller som utelukkande gjennomfører utdelingar til frivillig verksemd
- næringsdrivande stiftelsar som utelukkande gjennomfører utdelingar til frivillig verksemd
- aksjeselskap som utelukkande gjennomfører utdelingar til frivillig verksemd
Aktivitetar som ikkje reknast som frivillig verksemd er mellom anna
- aktivitetar organisert av det offentlege
- aktivitetar basert på samvirkeprinsipp og som blir omfatta av samvirkelova
Verksemda må vere registrert i Einingsregisteret før ho kan bli registrert i Frivilligregisteret. Du kan registrere i begge registera samtidig i Samordna registermelding.
Elektronisk registrering
Den raskaste måten å registrere seg på, er å bruke Samordna registermelding.
I den elektroniske løysinga må du ha dokumentasjonen tilgjengeleg enten som elektroniske dokument eller skanna dokument.
Skjema til nedlasting
Om du ønsker å sende skjema og dokumentasjon til oss per post, finn du skjema til nedlasting i skjemakatalogen vår.
De er pliktige til å sende inn vedtektene for å få registrert dykk i Frivilligregisteret, men det er frivillig for foreiningar å registrere vedtektene. Om foreininga vel å registrere vedtektene sine, pliktar dei samtidig å sende inn vedtektene kvar gong dei blir endra.
Om vedtektene skal registrerast, må dei minst innehalde desse opplysningane om foreininga:
- namn
- formål
- årsmøte
- styre og val av styre
- endringar av vedtekter
- opphøyr
Verksemda skal gi opplysing om kategori eller aktivitetsområde som passar for den aktiviteten verksemda driv. Sjå eigen tabell med tilgjengelege kategoriar.
Dokument du må legge ved om de er registrerte i Einingsregisteret og skal registrere dykk i Frivilligregisteret er
- vedtekter
- protokoll som viser val av styre dersom dette ikkje er registrert frå før
Dokument du må legge ved dersom de skal registrere dykk både i Einingsregisteret og Frivilligregisteret er
- vedtekter
- stiftingsdokument som viser at de er oppretta/stifta
- årsmøteprotokoll/dokumentasjon som viser val av styre
Det er frivillig for dei aller fleste foreningar som ikkje er næringsdrivande å registrere rekneskapsopplysningar
Om de vel å registrere slike opplysningar, vil de ha plikt til å sende inn årsrekneskap til Rekneskapsregisteret kvart år.
Krava som blir stilte til årsrekneskapen som skal sendast inn, er annleis og enklare enn krava som er stilte i rekneskapsloven. Nærmare opplysningar om desse reglane finn du i forskrift om register for frivillig verksemd.
Om foreninga vel å ta på seg innsendingsplikt for årsrekneskap, må du skrive dato for avslutning av rekneskapsår.
Ver merksam på at stiftelsar, aksjeselskap og foreningar som har allmenn rekneskapsplikt etter rekneskapsloven og stiftingar og aksjeselskap ikkje kan nytte seg av desse særreglane. Dei skal sende inn årsrekneskap til Rekneskapsregisteret etter dei ordinære reglane.
Berre sentralledd i frivillige organisasjonar med fleire organisasjonsledd (regionalledd og/eller lokalledd) skal melde tilknytingar til Frivilligregisteret. Det vil seie at ein frivillig organisasjon som er sentralledd i organisasjonen, skal registrere dei organisatoriske tilknytingane han har til andre lokalledd og regionalledd i organisasjonen sin.
Her finn du rettleiing for å melde tilknytingar i Frivilligregisteret (PDF).
Når verksemda di søker om å bli registrert i Frivilligregisteret, kan de også søke om å ta del i grasrotdelen, om vilkåra for deltaking i forskrift for grasrotdelen er oppfylt.