Registrering av båtlag, grunneigarlag eller andre lag
Sist oppdatert: 7. november 2021.
Skal du registrere aktivitetar som du i fellesskap med nokon andre har oppretta for å vareta private interesser?
Eksempel på slike interesser kan vere drift og vedlikehald av vatn-, veg-, garasje-, kloakk-, båt-, brygge- og grunneigarlag.
Kan laget mitt bli registrert og få eit organisasjonsnummer?
For å kunne bli registrert, er det eit krav at laget ditt er definert som ei organisasjonsform, og at reglane som gjeld denne er følgd. Dette vil bli kontrollert av oss før registrering.
Om ein skal organisere ein felles aktivitet, er tre typar organisering dei mest vanlege: Tingsrettsleg sameige, foreining og samvirkeføretak (SA). Andre typar er også mogleg, men normalt ikkje formålstenleg. Dei mest sentrale organisasjonsformene er lista opp i einingsregisterlova § 4.
Tingsrettsleg sameige blir regulert av sameigelova, men det meste av lova kan fråvikast ved avtale. For foreiningar finst det ingen eigen lov, men føresetnadene følger av ulovfesta foreiningsrett. Samvirkeføretak blir regulert av samvirkelova.
Vi kan verken tilrå eller vurdere organisasjonsform i forkant av registreringa, men dette er noko dei som er med i samanslutninga må fastsette. Du finn meir informasjon om desse organisasjonsformene under Nyttige lenker.
Må vi registrere oss?
Det er ingen krav om at ein organisasjon må registrerast, men mange omstende kan medføre at dette blir nødvendig, for eksempel om de skal drive næringsverksemd, ha tilsette, opprette bankkonto eller teikne straumabonnement.
Kva må vere på plass før registrering?
Om de allereie har ei organisering i samsvar med ei konkret organisasjonsform, kan de sende inn melding om registrering. Det er viktig å kontrollere at vedtektene stemmer med den valde organisasjonsforma og at relevant regelverk er følgt. Dersom det finst føresegner i vedtektene som ikkje er lovlege for den valde organisasjonsforma, må de endre vedtektene først. Slike endringar krev vedtak frå årsmøte.
Dersom de ikkje har ei organisasjonsform, må de først vurdere kva organisasjonsform som er mest formålstenleg, for så å formalisere dette. For foreining og samvirkeføretak gjer de dette ved å underskrive stiftelsesdokument, mens for tingsrettsleg sameige må de opprette ein sameigeavtale. Same kva organisasjonsform de vel, må de ha vedtekter som regulerer organisasjonen, med unnatak av tingsrettsleg sameige.