Registrering av foreldreutval (FAU)
Sist oppdatert: 16. januar 2024.
Om du skal registrere foreldreutval(FAU) eller foreldreråd ved skolen eller barnehagen som ei foreining i Einingsregisteret, må det vere stifta som ei foreining.
FAU er eit utøvande organ for foreldrerådet ved ein skole og er derfor i utgangspunktet ikkje ei sjølvstendig foreining.
FAU har rett til å registrere seg som ei foreining i Einingsregisteret om
- de formelt stiftar ei foreining
- ikkje andre forhold bryt med foreiningsprinsippa
Det må gå klart fram av stiftelsesdokumentet at det er stifta ei foreining.
Du må legge ved
- stiftelsesdokument som syner at FAU er stifta som ei foreining
- vedtekter som syner at de er organiserte som ei foreining
Korleis stifte FAU som ei foreining?
Om de ønsker å gjere det, må de halde stiftelsesmøte. De lagar då eit stiftelsesdokument som de legg ved når de skal sende melding til oss.
Stiftelsesdokumentet bør innehalde
- dato for når møtet fann stad
- kven som var til stades
- vedtak om å stifte ei foreining
- godkjenning av vedtektene
- val av styre
- eventuelt andre saker som er behandla på møtet
Her finn du eksempel på stiftelsesdokument(pdf).
Her finn du eksempel på vedtekter(pdf).
Hugs å tilpasse malane slik at opplysingar om blant anna namn, formål og medlemskap kjem fram.