Kva er ei foreining?
Sist oppdatert: 12. oktober 2023.
Ei foreining er ei sjølveigande samanslutning med medlemmer som skal fremme eitt eller fleire formål av ideell, politisk eller annan art.
Skal foreininga eller laget til dømes drive med idrett, humanitært arbeid eller andre frivillige aktivitetar, kan du registrere laget ditt eller foreininga di hos oss.
Eigedelar og overskot
Foreininga sitt overskot, gjeld eller formue kan ikkje delast ut til medlemmene, i motsetnad til eit aksjeselskap der eigarane til dømes kan ta imot utbytte frå selskapet.
Ikkje lovfesta
Rettsforholdet til foreiningar er ikkje regulert i eigen lov. Det er likevel, over tid, utvikla såkalla foreiningsrettslege prinsipp som blir nytta for å slå fast om ein fyller krava til å vere registrert som foreining.
Meld ifrå om endringar
Når foreininga er registrert, pliktar de å halde opplysningane om foreininga oppdatert heile tida.