Årsmøteprotokoll for lag og foreiningar
Sist oppdatert: 19. mars 2024.
Foreininga bør skrive protokoll (referat) frå årsmøte. Årsmøteprotokollen er eit viktig dokument som viser kva saker som er diskuterte og eventuelt vedtekne. I tillegg til at protokollen er viktig for medlemmene, er det også eit viktig dokument i samband med dokumentasjon av opplysingar de melder til oss.
Kva opplysningar bør årsmøteprotokollen innehalde?
Protokoll frå ordinært eller ekstraordinært årsmøte bør innehalde
- namn på laget eller foreininga som har halde møte
- dato og stad for årsmøtet
- opplysning om kor mange som var til stades, eventuelt kven som deltok
- val av styre, med fullstendig oversikt over styretsamansettinga etter valet
- informasjon om sakene som har vore til behandling/vedtak som er gjort
Årsmøteprotokollen skal underskrivast av dei som årsmøtet har vald til å skrive under.
Når må eg sende inn årsmøteprotokoll?
På sida Endre opplysningar for lag eller foreining, finn du eksempel på når du må sende inn årsmøteprotokoll til oss. Når du sender inn protokollen, lastar du han opp som vedlegg til skjemaet Samordna registermelding i Altinn.