Registrere alternativ behandlar
Sist oppdatert: 27. august 2024.
Alternative behandlarar kan registrere seg i Registeret for utøvarar av alternativ behandling.
Registreringa er frivillig og gjeld for alle typar alternativ behandling som blir omfatta av lov om alternativ behandling av sjukdom. Berre utøvarar som er medlem i ein godkjend utøvarorganisasjon kan bli registrert i registeret. Helsedirektoratet er ansvarleg for godkjenning av dei ulike utøvarorganisasjonane.
Registrer deg som alternativ behandlar
Papirskjema for nedlasting (pdf)
Hugs å sende inn dette saman med registreringsskjemaet:
- Stadfesting av at du har gyldig ansvarsforsikring for eventuelle skadar som kan oppstå på pasient under behandling. Du må føre opp kor lenge forsikringa er gyldig.
- Signert medlemsbevis frå utøvarorganisasjonen din som viser at du er medlem av ein organisasjon som er godkjent av Helsedirektoratet.
Om du er tilsett i ei verksemd må du legge ved
- stadfesting på tilsettingsforhold, for eksempel kopi av arbeidsavtale
Hugs å innhente stadfesting frå utøvarorganisasjonen din på at du oppfyller fagkrava for den tittelen og behandlingsforma du ønsker å registrere deg med.
Ofte stilte spørsmål om registrering av alternativ behandling
Du må betale eit gebyr for registrering og ei årleg avgift. Her finn du oversikt over kor mykje du må betale.
For at du skal kunne registrere deg, må du sende inn skjema som du finn på denne sida. Du må også legge ved all dokumentasjon som er lista opp i vedleggsoversikta. Du finn ho under skjema.
Sidan du må føre opp fødselsnummer eller d-nummer, tilrår vi at du bruker vanleg postgang.
Ansvarsforsikring blir fornya årleg, og du som utøvar er i hovudsak sjølv ansvarleg for å sjå etter at vi har oppdaterte opplysingar. Vi sender deg derfor ei påminning om at fristen for dette nærmar seg.
Dersom utøvarorganisasjonen din handterer dette, er det ikkje nødvendig for deg å sende inn denne dokumentasjonen.
Om vi ikkje mottar dokumentasjon på ansvarsforsikring for denne perioden, blir du sletta frå registeret.
Du har ikkje betalt årsgebyr
Om du nett har fått brev om dette, kan vi sende deg faktura for årsgebyr. Om du betaler innan 14 dagar frå du fekk slettebrevet, kan vi føre deg inn i registeret igjen.
Du har ikkje sendt oss dokumentasjon på forsikring
Vi kan føre deg inn i registeret igjen, om du innan 14 dagar frå du fekk slettebrevet sender inn dokumentasjon på at du har gyldig ansvarsforsikring. Forsikringsdokumentasjonen må innehalde forsikringsperiode ført opp med frå-til dato.
Du har sletta enkeltpersonføretaket ditt og oppretta eit aksjeselskap
Vi vil føre deg i registeret igjen om du sender inn opplysingar som viser at du har endra organisasjonsform innan 14 dagar etter at du fekk slettebrevet.
Du har bytta utøvarorganisasjon
Vi kan føre deg inn i registeret igjen om du sender informasjon om kva organisasjon du har endra til, og kva tittel og behandlingsform du skal vere registrert med. Du må i tillegg legge ved nytt medlemsbevis og forsikringsdokumentasjon. Fristen er 14 dagar etter at du fekk slettebrev.
Du må sende inn ein ny søknad om registrering. Du må betale gebyr for registreringa.
Å bli ført inn på nytt innan 14 dagar er gratis.
Vi har normalt 1-3 dagar saksbehandlingstid.
Du må ta kontakt med Skatteetaten for å få svar på spørsmål om moms.
Skjemaet sender du til
Brønnøysundregistera
Registeret for utøvarar av alternativ behandling
Postboks 95
8910 BRØNNØYSUND