Søknad om d-nummer
Sist oppdatert: 18. januar 2024.
Du må sende søknaden saman med papirversjonen av Samordna registermelding eller dokumenta du skal tinglyse. Du kan ikkje sende inn søknad om d-nummer åleine.
Søknadsskjema kan brukast av utanlandske personar som ikkje har norsk fødselsnummer eller d-nummer frå før, men som har behov for d-nummer samtidig med registrering av rolleinnehavarar i Einingsregisteret og Føretaksregisteret eller tinglysing av ektepakt.
Har du behov for d-nummer i andre samanhengar enn registrering i eit av våre register? Les meir om kven som kan bestille d-nummer på Skatteetaten si nettside.
Rettleiing til utfylling finn du i sjølve skjemaet.
Søknadsskjema for nedlasting:
Søknad om d-nummer for person i samband med registrering og tinglysing i Brønnøysundregistera – BR1015B
PDF-format | Bokmål | English |