Informasjon om produkta våre
Sist oppdatert: 19. september 2024.
Her finn du ei oversikt over kva produkt vi tilbyr og du kan gå direkte til bestilling i nettbutikken vår.
Produkt | Altinn | Nettbutikk | Telefon |
---|---|---|---|
Firmaattest norsk | Gratis | Gratis* | 181,- |
Firmaattest norsk m/tidlegare namn | X | Gratis* | 181,- |
Firmaattest engelsk, notarialstadfesta | X | 424,- | 424,- |
Firmaattest engelsk m/tidlegare namn, notarialstadfesta | X | X | 424,- |
X = produktet er ikkje tilgjengeleg i denne kanalen | |||
*det kjem gebyr på bestillingar i nettbutikken med utsending per post |
Vi kan også notarialstadfeste dei norske attestane. Dette kostar 424 kroner. Alle notarialstadfesta attestar blir sende per post, vanlegvis etter ein yrkedag. Andre attestar blir sende på e-post med ein gong.
Firmaattest er
- ei stadfesting på at verksemda er registrert i Føretaksregisteret
- ei stadfesting på kven som er ansvarlege for selskapet
- legitimasjon overfor långivar, kundar og leverandørar
Sjå eksempel på firmaattest (pdf)
Kan du bestille ein firmaattest for alle organisasjonstypar
Du kan berre bestille ein firmaattest for verksemder som er registrerte i Føretaksregisteret. Om du har ei foreining som berre er registrert i Einingsregisteret, må du i staden bestille ei registerutskrift. Ho inneheld den same informasjonen som ein firmaattest, og er ein legitimasjon overfor långivarar, kundar og leverandørar.
Firmaattest inneheld informasjon om
- organisasjonsnummer
- føretaksnamn
- forretningsadresse
- styremedlemmer
- dagleg leiar
- signatur og prokura
- aksjekapital
- avvikling på grunn av konkurs eller oppløysing
Engelske firmaattestar
Engelske firmaattestar inneheld ikkje opplysningar om vedtektsfesta formål. Vi kan omsette formålet til engelsk. Dette kan medføre lenger saksbehandlingstid.
Send ei melding i kontaktskjemaet vårt om du ønsker at vi skal legge til engelsk formål.
Produkt | Altinn | Nettbutikk | Telefon |
---|---|---|---|
Registerutskrift frå Einingsregisteret, norsk | Gratis | Gratis* | 120,- |
Registerutskrift på engelsk frå europeisk nettportal (gratis) | X | X | X |
Registerutskrift frå Einingsregisteret, engelsk | X | X | 424,- |
Registerutskrift frå Frivilligregisteret norsk | X | Gratis | X |
Registerutskrift frå Frivilligregisteret, engelsk | X | 424,- | 424,- |
Utskrift frå Partiregisteret | X | Gratis | X |
X = produktet er ikkje tilgjengeleg i denne kanalen | |||
*Det kjem gebyr på bestillingar i nettbutikk med utsending per post |
Vi kan notarialstadfeste disse produkta om du ønsker det. Då må du ta kontakt med oss. Pris for eit notarialstadfesta produkt er 424 kroner. Slike utskrifter blir sendt pr post, vanlegvis etter ein yrkedag. Andre utskrifter blir sendt på e-post med ein gong.
Registerutskrift er
- ei stadfesting på at ei foreining, eit enkeltpersonføretak eller andre einingar er registrert i Einingsregisteret
- ei stadfesting på kven som er ansvarlege for eininga
- legitimasjon overfor bankar, kundar og leverandørar
Sjå eksempel på registerutskrift (pdf)
Registerutskrift inneheld informasjon om
- organisasjonsnummer
- namn
- forretningsadresse og postadresse
- styremedlemmer med folkeregistrerte adresser
- dagleg leiar/kontaktperson med adresse
- næringskode
- registreringer i andre offentlege register som Meirverdiavgiftsregisteret og NAV/Aa-registeret
Engelske registerutskrifter
Du kan bestille ei registerutskrift på engelsk for eit AS, ASA, NUF eller eit europeisk selskap via nettsida European justice. Utskrifta blir ikkje signert og inneheld ikkje oversett formål og signatur.
Treng du registerutskrift med oversett formål og signatur ?
Vi kan lage registerutskrifter med formål og signatur på engelsk. Send ein e-post for å bestille. Prisen er 424 kroner inkludert notarialstadfesting.
Produkt | Altinn | Nettbutikk | Telefon |
---|---|---|---|
Rolleoversikt, norsk | Gratis | Gratis | 181,- |
Historisk rolleoversikt, norsk | X | X | 181,- |
X = produktet er ikkje tilgjengeleg i denne kanalen |
Rolleoversikt blir sendt på e-post med ein gong når du bestiller i nettbutikken.
Ei rolleoversikt
- viser kva roller ein person eller eit føretak er registrert med i Føretaksregisteret
- innehelder opplysningar om rolleinnehavar som styreleiar, styremedlem, signatur, prokura eller dagleg leiar
Sjå eksempel på rolleoversikt (pdf)
Rolleoversikt på engelsk
Treng du dokumentasjon til bruk i utlandet, kan du bestille ei rolleoversikt på engelsk. Sjå informasjon om spesialstadfestingar i produktinformasjonen.
Ei historisk rolleoversikt
- viser kva roller ein person har hatt etter 01.03.1995
Registerutskrift frå Lausøyreregisteret (tidlegare panteattest) på person, køyretøy og verksemd kan du sjekke, og laste ned, i søketenesta vår Søk etter tinglyste ektepakter, hefte og andre rettsstiftelsar.
Det er ikkje lenger mogleg å bestille dette i nettbutikken eller hente den på Altinn.
Du kan bestille panteattest frå Akvakulturregisteret på telefon på fødselsnummer, organisasjonsnummer og løyvenummer.
Panteattesten kostar 150,- kroner og blir send i posten.
Ein panteattest
- viser pant og rettsstiftelsar på løyvenummer, person eller føretak
Panteopplysningar på engelsk
Treng du ein dokumentasjon til bruk i utlandet, kan du bestille panteopplysningar på engelsk. Sjå informasjon om spesialstadfestingar i produktinformasjonen.
Produkt | Altinn | Mi side | Telefon |
---|---|---|---|
Utleggstrekk/inkje til utlegg, privatperson | X | Gratis utskrift | Gratis tilsendt |
Utleggstrekk/inkje til utlegg, andre aktørar | X | X | 181,- |
X = produktet er ikkje tilgjengeleg i denne kanalen |
For å sjå om du har utleggstrekk eller inkje til utlegg kan du logge deg på Mi side.
Andre aktørar som har lov til å sjå desse opplysningane må bestille dei per telefon.
Utleggstrekk betyr at
- ein person eller sjølvstendig næringsdrivande har eit uoppgjort pengekrav
- det blir halde ei utleggsforretning der Namsmannen vedtar at personen skal bli trekt i lønn eller trygd
- personen blir trukke eit bestemt beløp kvar månad direkte av arbeidsgivaren eller NAV
Sjå eksempel på stadfesting (pdf)
Inkje til utlegg betyr at
- ein person eller eit selskap ikke har nokon eigedelar som Namsmannen kan ta utlegg i
Kven kan bestille stadfestinga?
- Ein person kan bestille stadfesting på sitt eige fødselsnummer
- Dagleg leiar eller styreleiar kan bestille stadfestinga på føretaket sitt
- Andre som kan bestille produktet er:
- Advokatar
- Finansinstitusjonar
- Inkassobyrå
- Kredittopplysningsbyrå
- Offentleg myndigheit til kundane sine.
Kredittopplysningsbyrå kan levere ut opplysningar til kundane sine.
Produkt | Altinn | Nettbutikk | Telefon |
---|---|---|---|
Stadfesting frå Konkursregisteret, norsk | Gratis | Gratis | X |
Utskrift frå Konkursregisteret | X | X | Gratis |
X = produktet er ikkje tilgjengeleg i denne kanalen |
Produktet blir sendt på e-post med ein gong når du bestiller det i nettbutikken. Bestilling på telefon blir sendt per post etter ein yrkedag.
Stadfesting frå Konkursregisteret inneheld informasjon om
- at det ikkje er registrert konkursopplysningar på eit føretak eller ein person
Stadfestinga inneheld ikkje opplysningar om konkurskarantene. Du kan finne opplysningar om dette ved å logge deg inn på Mi side.
Stadfesting frå Konkursregisteret på engelsk
Treng du dokumentasjon til bruk i utlandet, kan du bestille konkursfriheitsbevis på engelsk. Sjå informasjon om spesialstadfestingar i produktinformasjonen.
Forsikringsstadfestingar inneheld informasjon om
- personleg konkurs
- konkurskarantene
- tvungen gjeldsforhandling etter konkursloven
- gjeldsforhandling og gjeldsordning etter gjeldsordningsloven
Utskrift frå Konkursregisteret inneheld informasjon om
- dagleg leiar
- styreleiar
- revisor
- personar sine roller i andre føretak
- konkurskarantene på ein person
Denne utskrifta er tilgjengeleg for bustyrar, offentlege myndigheiter og personen sjølv i inntil 10 år etter avslutningsdato for konkursen. For andre personar er ho tilgjengeleg i fem år etter avslutningsdatoen.
Produkt | Mi side | Telefon | E-post |
---|---|---|---|
Forsikringsstadfesting på deg sjølv | Gratis | ||
Forsikringsstadfesting, norsk | 181,- | X | |
Forsikringsstadfesting, engelsk | 424,- | X | |
Fleire enn 20 stadfestingar | X | 800,- pr time Send ei kryptert Excel-fil med fødselsnummer for personane. |
|
X = produktet er ikkje tilgjengeleg i denne kanalen |
Kva er ei forsikringsstadfesting?
Ei forsikringsstadfesting dokumenterer at du ikkje er under konkursbehandling, ikkje er under rekonstruksjonsforhandling, ikkje har konkurskarantene eller er i gjeldsforhandling.
Stadfestinga inneheld informasjon om
- personleg konkurs
- konkurskarantene
- rekonstruksjonsforhandling etter midlertidig lov om rekonstruksjon
- gjeldsforhandling etter gjeldsordningslova
- gjeldsordning etter gjeldsordningslova
Bestill stadfestinga på telefon
Du kan ringe oss på telefon 75 00 75 00 for å bestille forsikringsstadfestinga, dersom du har fødselsnummeret (11 siffer) til personen det gjeld. Dette kostar 181,- pr. person.
Fleire enn 20 forsikringsstadfestingar
Bestiller du forsikringsstadfestingar for fleire enn 20 personar, må du sende oss ei kryptert Excel-fil med fødselsnummer til personane det gjeld. Du får ei Excel-fil med oversikt over personane og om det er eller ikkje er registrert påkravde opplysningar. Bestillinga sender du i kontaktskjemaet vårt.
Produkt | Altinn | Nettbutikk | Telefon |
---|---|---|---|
Stadfesting på konsernstruktur | Gratis | Gratis | X |
X = produktet er ikkje tilgjengeleg i denne kanalen |
Konsernstrukturen blir sendt på e-post med ein gong når du bestiller han i nettbutikken.
En konsernstruktur inneheld informasjon om
- organisasjonsnummer og namn på firma
- kva føretak som er morføretak
- kva føretak som er dotterselskap
- morselskapet sin eigarandel ført opp i prosent
- dato for når opplysninga blei registrert
Sjå eksempel på konsernstruktur (pdf)
Konsernstruktur på engelsk
Treng du dokumentasjon til bruk i utlandet, kan du bestille stadfesting på konsernstruktur på engelsk. Sjå informasjon om spesialstadfesting i produktinformasjonen.
Produkt | Altinn | Nettbutikk | Telefon |
---|---|---|---|
Kopi av dokument for aksjeselskap og allmennaksjeselskap | X | 241,- | 241,- |
Kopi av dokument for foreiningar og andre organisasjonsformer | X | X | 241,- |
Kopi av registrerte prospekt | X | X | 241,- |
X = produktet er ikkje tilgjengeleg i denne kanalen |
Kopi av dokument blir sendt per e-post etter normalt tre til fem yrkedagar.
Kopi av dokument er
saksdokument som blir sendt inn i samband med registrering av opplysningar i Brønnøysundregistera.
Her er nokre eksempel på dokumenttypar:
- Vedtekter
- Selskapsavtaler
- Generalforsamlingsprotokoll
- Årsmøteprotokoll
- Stiftelsesdokument
- Prospekt
Notarialstadfesting av dokument
Bestilling av dokument vil innehalde eventuelle innsende dokument på engelsk. Vi omset ikkje dokument som berre føreligg på norsk.
Kopiane kan om ønskeleg notarialstadfestast.
Produkt | Altinn | Nettbutikk | Telefon |
---|---|---|---|
Gjenpartskopi frå Lausøyreregisteret | X | X | 181,- |
Gjenpartskopi frå Akvakulturregisteret | X | X | 150,- |
Kopi av tinglyst ektepakt | X | X | 181,- |
X = produktet er ikkje tilgjengeleg i denne kanalen |
Kopi av tinglyste dokument som blir sende i posten blir bekrefta rett kopi med stempel og signatur. Kopi av tinglyste dokument som blir sende på e-post blir sende utan stempel og signatur. Dokumenta blir normalt sende etter tre yrkedagar.
Kopi av tinglyste dokument inneheld
informasjon om hefte som ikkje gjeld fast eigedom som for eksempel
- Bilar og andre køyretøy
- Inventar
- Anleggsmaskinar
- Varelager
Ein panthavar kan sikre rettar i gjenstandar ved å tinglyse dei i Lausøyreregisteret. Er pantegjenstanden ei registrert motorvogn, blir heftet knytt til registreringsnummeret.
Andre dokument som kan tinglysast er ektepakter, gjeldsordningar og akvakulturløyve.
Kopi av gjeldsordningsavtalar
Ønsker du å få vite innhaldet i ein gjeldsordningsavtale, må ta du kontakt med namsmyndigheita.
Produkt | Altinn | Nettbutikk | Telefon |
---|---|---|---|
Kopi av årsrekneskap frå år 2010 | Gratis | Gratis | 241,- |
Kopi av årsrekneskap før år 2010 | X | X | 241,- |
X = produktet er ikkje tilgjengeleg i denne kanalen |
Kopi av årsrekneskap blir sendt på e-post når du bestiller han i nettbutikken. Bestiller du via telefon, tar det normalt ein yrkedag før han blir sendt per post.
Årsrekneskap inneheld
- resultatrekneskap
- balanse
- notar
- årsmelding
- revisjonsmelding dersom selskapet har registrert revisor
- konsernrekneskap om det finst
Årsrekneskap før år 2010
Kopi av årsrekneskap er tilgjengeleg i nettbutikken frå og med rekneskapsåret 2010. Om du treng årsrekneskap før dette, må du bestille per telefon.
Godkjent årsrekneskap
Treng du en dokumentasjon på godkjent årsrekneskap til bruk i utlandet, kan du bestille ei stadfesting på engelsk. Sjå informasjon om spesialstadfestingar i produktinformasjonen.
Produkt | Altinn | Nettbutikk | Telefon |
---|---|---|---|
Stadfestingar frå Brønnøysundregistera | X | X | 424,-* |
X = produktet er ikkje tilgjengeleg i denne kanalen |
X = produktet er ikkje tilgjengeleg i denne kanalen
*Minstegebyr kr 424, deretter kr 60 per melding som er grunnlag for stadfestinga.
Kva er ei spesialstadfesting?
Det er ei skriftleg stadfesting som inneheld historiske opplysningar om registrerte føretak, hendingar knytt til kreditorvarsel og andre endringar. Mykje av denne informasjonen er tilgjengeleg på kunngjeringssida vår.
Du kan bestille stadfestingar på
- fusjon og fisjon
- historisk rolleoversikt
- all informasjon på ein bestemt dato
- alle registrerte namneendringar
- kapitalaukingar og kapitalnedsetjingar
- avvikling av føretak utan informasjon om roller
- opplysningar om føretak før sletting
- overdraging av verksemd
- Certificate of Good Standing
- konkursfriheitsbevis, berre engelsk
- panteopplysningar, berre engelsk
- konsernstruktur, berre engelsk
- at årsrekneskapen er godkjend, berre engelsk
Alle stadfestingane blir signerte og sende per post. Stadfestingane kan om ønskeleg også notarialstadfestast. Du kan få alle stadfestingane på engelsk.
Send bestillinga i kontaktskjemaet vårt.
Leveringstida er normalt sju dagar, men for tida har vi opp mot 14 dagar saksbehandlingstid.
Produkt | Altinn | Nettbutikk | Telefon |
---|---|---|---|
Klientliste for revisor | X | Gratis | X |
Klientliste for rekneskapsførar | X | Gratis | X |
X = produktet er ikkje tilgjengeleg i denne kanalen |
Klientoversikt blir sendt på e-post med ein gong når du bestiller i nettbutikken.
Ei klientliste inneheld informasjon om
- organisasjonsnummer og namn på firma
- adresse
- registreringsdato av klientforholdet
Du får dei fleste produkta i nettbutikken tilsendt som ei PDF-fil i ein e-post. Kopiar av dokument og notarialstadfesta firmaattestar er ikkje nedlastbare, og blir levert som vedlegg i ein e-post etter normalt tre til fem yrkedagar.
Har du tilgang til verksemder i Altinn, kan du også bestille fleire av desse produkta gratis under Produkt og tenester frå Brønnøysundregistera.