Kontaktskjema
Mange lurer på dette:
Når komplett årsrekneskap blir send etter 31. juli får verksemda forseinkingsgebyr, som maksimalt kan bli 66 404 kroner.
Styret, eventuelt deltakarane eller dagleg leiar, kan bli solidarisk ansvarleg for forseinkingsgebyret dersom verksemda ikkje betaler.
Du kan søke om ettergiving av forseinkingsgebyret, men vilkåra for sletting er strenge. De må betale gebyret sjølv om søknaden er under behandling.
Det er lurt å lese om kva årsaker som kan føre til ettergiving, og kva som ikkje gjer det, før du sender søknaden.
Du melder nytt styre i skjemaet Samordna registermelding. Ha etternamn og fødselsnummer på alle styremedlemmene før du startar. Nokre gonger må du også fylle inn adresse på desse, dersom dei ikkje har dette i Folkeregisteret frå før.
Start Samordna registermelding, og så vel du:
- Endre eller legg til nye opplysningar – på sida om kva du vil gjere
- Styre – på sida om kva du vil endre
• før opp heile styret i tabellen slik det går fram etter siste val - Vedlegg – last opp protokoll som viser val av styret
Du er no klar for å
- kontrollere melding og vedlegg
- signere
Meldinga blir send inn når alle som skal signere har signert.
Det er fordi du har ei undereining i verksemda di.
I tillegg til organisasjonsnummeret til verksemda di har undereininga eit eige organisasjonsnummer.
Det er fleire årsaker til at det er behov for ei undereining. Du treng det når du:
- driv næringsaktivitet
- skal rapportere lønn eller honorar i a-meldinga
Sjølv om du ikkje har tilsette i dag, eller betalar styrehonorar, så ligg undereininga klar om du skulle ha behov for dette i framtida.
Vi kan ikkje seie nøyaktig når saka di blir behandla, det kjem an på saksmengda vår. Vi behandlar sakene i den rekkefølga dei kjem inn til oss. Du får melding i innboksen din i Altinn når ho er ferdigbehandla.
Kva dato vi er komen til i saksbehandlingskøen finn du på sida Når blir saka mi behandla?
Alle som er med i eit styre eller har ei anna rolle, kan sjølv trekke seg frå rolla. Dette gjer du i Samordna registermelding.
- På sida Kva vil du gjere? i skjemaet, må du velje Fråtre ei rolle
- Skriv inn organisasjonsnummer og vel Hent
- Skriv inn fødselsnummeret ditt og vel Hent for å få fram rollene dine
Følg stega vidare i skjemaet.
Næringskoden du har fått er basert på aktiviteten du har lagt inn i skjemaet Samordna registermelding.
Om du er usikker på om næringskoden er riktig, send oss ei melding i kontaktskjemaet vårt.
Når du skal registrere eit aksjeselskap må du sende inn fleire dokument:
- stiftelsesdokument med vedtekter
- erklæring frå revisor, finansinstitusjon, bank, advokat eller rekneskapsførar som viser innbetaling av aksjeinnskotet dersom dette berre består av pengar
Når aksjeinnskotet består av eigedelar og ikkje berre pengar (tingsinnskot) må du legge ved
- utgreiing som er signert av stiftarane og stadfesta av revisor
- erklæring frå revisor om innbetaling av aksjeinnskotet
Nokre gonger krev vi fleire vedlegg, for eksempel om du skal drive innan bank eller forsikring. Oversikt over kva verksemder dette gjeld finn du på sida Registrere eit aksjeselskap.
Dokumenta du må legge ved når du skal registrere eit lag eller ei foreining er:
- stiftelsesdokument
- vedtekter
- årsmøteprotokoll som viser val av styre
Fekk du svar på det du lurte på?
Meldinga di er send
Takk for førespurnaden din, du vil få ei stadfesting på e-post om at vi har fått meldinga di. Vi svarer deg så fort vi kan.