Jegerregisteret
Sist oppdatert: 30. juli 2024.
På Mi jegerside kan du betale jegeravgifta, få tilgang til det digitale jegeravgiftskortet ditt og registrere deg som lisensjeger.
Spørsmål om appen Min jegerdokumentasjon
Med den nye appen har du jegeravgiftskortet og vitnemål på storviltprøven på ein stad.
Har du han med deg på jakt, har du alt du treng for å dokumentere at du har betalt jegeravgift og at du har fått godkjent skyteprøven. Blir du kontrollert er det nok å vise fram QR-kode i appen.
Appen lastar du ned i Google Play butikk eller App store.
Ønsker du å vite meir om appen, sjå rettleiaren vår for skyteprøven.
Ja, så lenge du har logga inn i appen første gong med dekning. Du må huske den personlege koden din for å få fram dei siste opplysningane som appen har henta frå Jegerregisteret.
Sjå rettleiaren vår for korleis du kan ta skyteprøven på mobil.
Spørsmål om digital jegerdokumentasjon
Når du har betalt jegeravgifta, finn du jegeravgiftskortet ditt på Mi jegerside. Frå og med jaktåret 2020/2021 sender vi ikkje automatisk ut jegeravgiftskort på papir.
Når du har betalt jegeravgifta finn du jegeravgiftskortet ditt ved å logge deg inn på Mi jegerside.
Da kan du laste ned kortet som ein pdf og skrive det ut på Mi jegerside.
Skyteprøven for storviltjegerar kan du dokumentere med vitnemål som du får på skytebana, eller du kan laste ned vitnemålet frå Miljødirektoratet sine nettsider.
Spørsmål om jegernummer
Du vil automatisk få tildelt jegernummer og bli registrert i Jegerregisteret når du har bestått jegerprøven.
Du finn jegernummeret ditt ved å logge inn på Mi jegerside.
Spørsmål om jegeravgift og betaling
Alle som skal drive med jakt og fangst i Noreg må betale jegeravgift. Jegeravgifta gjeld for eit heilt jaktår (1. april til 31. mars). Betal jegeravgift i betalingsløysinga vår.
Betalt jegeravgift gir ikkje jaktrett på noko område. Du må også ha løyve frå grunneigar eller rettshavar for å drive lovleg jakt.
Jegeravgift og prisar for 2023/2024 | |
---|---|
Jegeravgift – alt vilt | kr 500 |
Jegeravgift – alt vilt unntatt elg, hjort og villrein | kr 390 |
Tilleggsavgift for elg, hjort og villrein | kr 110 |
Tilleggsavgift for manglande fangstrapportering | kr 240 |
Du må logge inn på Mi jegerside og betale jegeravgifta. Etter at du har betalt, vil jegeravgiftskortet ditt vere tilgjengeleg på Mi jegerside.
Nei, du må ikkje betale jegeravgifta.
Nei, du blir ikkje sletta frå Jegerregisteret.
Ønsker du å jakte igjen, må du betale jegeravgifta. Du treng ikkje gå opp til ny jegerprøve.
Ta kontakt på telefonnummer +47 75 00 79 99 og forklar oss kva du har betalt. Ha jegernummer og kontonummer klart.
Nei, da er du fritatt frå å betale jegeravgifta.
Du kan lese meir om opplæringsjakt på Miljødirektoratet sine nettsider.
Spørsmål om jegeravgiftskort
Du loggar inn på Mi jegerside og der finn du det digitale jegeravgiftskortet ditt.
Når du har bestått jegerprøven, får du melding i Altinn om at du er registrert i Jegerregisteret. Betal jegeravgifta og du finn jegeravgiftskortet på Mi jegerside.
Vær merksam på at jaktåret starter 1. april, ikkje betal før jaktåret er starta dersom du ikkje skal jakte før.
Har du bestått prøven tidleg på året, og du skal jakte før 1. april, må du betale jegeravgifta for det inneverande jaktåret.
Har du ikkje fylt 16 år, vil du få melding i Altinn om betaling av jegeravgift i siste halvdel av mars det året du fyller 16 år.
Spørsmål om fangstrapport
Ja, om du har betalt jegeravgifta, må du rapportere jakt og fangstutbytte. Fristen for rapportering er 1.mai.
Dette kjem i tillegg til rapportering til grunneigar, fjellstyre eller andre (for eksempel Statskog, eller Finnmarkseigedommen).
Om du ikkje har sendt inn rapport innan 1. mai, må du betale ei tilleggsavgift.
Tilleggsavgifta vil bli lagt til ved betaling av neste års jegeravgift.
Kontakt Jegerregisteret
Oppgje alltid jegernummer eller fødselsdato i tillegg til namn og adresse når du kontaktar Jegerregisteret.
Telefon + 47 75 00 79 99
Opningstid: 09 – 12
Postadresse:
Jegerregisteret
Postboks 905
8910 Brønnøysund
E-post: