Tilbakemelding på årsrekneskap
Sist oppdatert: 28. februar 2024.
Verksemda får vedtaket om årsrekneskapen i innboksen i Altinn, med varsling på e-post eller SMS.
Vi sender e-post til e-postadressa/adressene som er oppgitt i skjema for årsrekneskap og til kontaktinformasjonen i Altinn. For å få opp vedtaket i Altinn, må du ha siste versjon av Adobe Reader.
Når årsrekneskapen blir godkjend, sender vi vedtaket om godkjend årsrekneskap til verksemda. Dette blir også kunngjort på nettsida vår.
Når årsrekneskapen ikkje blir godkjend, står det i vedtaket kva som må rettast før de må sender inn på nytt. Er årsrekneskapen send før innsendingsfristen, får de 2 veker til å rette opp manglar eller feil utan å få forseinkingsgebyr. Dette gjeld ikkje når årsrekneskapen blir sendt etter innsendingsfristen.