Korrigering av tidlegare innsendt årsrekneskap
Sist oppdatert: 31. mars 2025.
Som hovudregel er det ikkje tillate å endre ein årsrekneskap som er godkjent og registrert hos Rekneskapsregisteret, men det er likevel mogleg inntil fem månader etter innsendingsfristen.
Seinare enn fem månader etter innsendingsfristen er det unntaksvis også ei avgrensa moglegheit til å endre årsrekneskapen, men da må du legge ved dokumentasjon.
Dokumentasjon ved innsending av nytt årsrekneskap seinare enn fem månader etter innsendingsfristen
Dersom du gjorde feil ved første innsending, må du legge ved ei forklaring på kvifor du sender inn årsrekneskapen på ny og kva som var feil.
Du kan sende inn korrigert årsrekneskap dersom du ikkje har sendt inn årsrekneskapen for neste rekneskapsår, men da må du legge ved:
- ei rekneskapsmessig grunngiving på kvifor du har utarbeidd ein ny årsrekneskap
- ny generalforsamlingsprotokoll som viser at ny årsrekneskap er godkjent
- ny revisjonsmelding, dersom verksemda er revisjonspliktig
Rekneskapsregisteret vil vurdere om forklaringa er tilstrekkeleg etter at vi har fått den nye versjonen av årsrekneskapen med vedlegg.
Det er ei svært avgrensa moglegheit til å korrigere gamle årsrekneskap dersom du allereie har sendt inn årsrekneskapen for neste rekneskapsår.
- Rettsforlik og rettssaker
- Rekneskapsførar eller revisor meiner å ha avdekka feil
- Generalforsamlingen er ikkje gjennomført. I årsrekneskapen du sendte inn, går det fram at generalforsamlinga allereie har fastsett det.
- Du har sendt inn ein midlertidig regnskap, noko som er eit brot på rekneskapslova.