Sånn sender du inn berekraftsrapporten
Sist oppdatert: 20. februar 2025.
Berekraftsrapporten skal inngå som ein del av årsmeldinga.
Det er berre dei som er pliktige til å rapportere om berekraft som kan sende inn berekraftsrapport.
Årsmeldinga og årsrekneskapen sender du inn i skjemaet for årsrekneskap i Altinn.
Berekraftsrapporten må vere utarbeidd etter ein publisert berekraftsrapporteringsstandard frå EU og attestert av revisor.
Størrelse, filformat og filtypar:
- Maksimal filstørrelse på ei innsending i Altinn er totalt 30 MB
- Dersom den er utarbeidd etter ein publisert berekraftstaksonomi, må filformatet innehalde .XHTML og iXBRL, som blir pakka i éi ZIP-fil.
- Vi godtar berre følgande filtypar i ZIP-fila: .XML, .XHTML og .XSD