Innsendingsplikt for NUF
Sist oppdatert: 28. februar 2024.
Norskregistrert utanlandske føretak (NUF) som utøver eller deltek i næringsverksemd i Noreg eller på norsk kontinentalsokkel, og er skattepliktig til Noreg etter norsk intern lovgiving, har rekneskapsplikt.
NUF som driv næringsverksemd i Noreg har rett og plikt til å registrere seg i Føretaksregisteret. Rekneskapsregisteret føreset at NUF som er registrert i Føretaksregisteret har rekneskapsplikt, og innsendingsplikt til Rekneskapsregisteret. Innsendingsplikta gjeld til verksemda er sletta i Føretaksregisteret.
Rekneskapspliktige NUF skal sende
- resultatrekneskap
- balanse
- noteopplysningar
- årsmelding (gjeld ikkje for små føretak)
- revisjonsmelding (dersom føretaket har revisjonsplikt)
- kontantstraumoppstilling (gjeld ikkje for små føretak)
Innsendingsplikta gjeld til verksemda er sletta i Føretaksregisteret. Her kan du lese meir om sletting av NUF.
Kva årsrekneskap skal eg sende?
Du skal sende årsrekneskapen for den norske filialen. Dersom det utanlandske hovudføretaket har rekneskapsplikt i heimlandet, skal du også sende den utanlandske årsrekneskapen. Då skal du skrive inn rekneskapstala for det utanlandske hovudføretaket i vedleggsskjemaet og legge den norske filialrekneskapen med som filvedlegg.
Registrert kontaktperson har tilgang til å sende årsrekneskap i Altinn.
NUF har ikkje rekneskapsplikt dersom føretaket i rekneskapsåret
- ikkje har hatt drift
- ikkje har hatt skatteplikt etter norsk internlovgiving
- driv mellombels i Noreg og har i tillegg hatt omsetning under 5 millionar norske kroner
Unnatak frå skatteplikt på grunn av skatteavtale er ikkje det same som unnatak frå skatteplikt etter norsk intern lovgiving.
Dersom NUF som er registrert i Føretaksregisteret, ikkje har rekneskapsplikt, må de sende ei skriftleg grunngjeving for kvart rekneskapsår i kontaktskjema til Rekneskapsregisteret.
Norskregistrerte utanlandske føretak (NUF) som har rekneskapsplikt etter rekneskapslova (1) skal sende eit eksemplar av årsrekneskapen, og eventuelt årsmeldinga og revisjonsmeldinga for det føretaket filialen er ein del av, slik desse rekneskapsdokumenta er utarbeidde, revidert og offentleggjort etter lovgivinga i heimstaten.
Komplett årsrekneskap skal seinast sendast samtidig med at dei skal offentleggjerast etter lovgivinga i heimstaten. Ved innsendinga skal det opplysast om når årsrekneskapen er fastsett, og når det skal offentleggjerast etter lovgivinga i heimstaten. Dokumenta skal vere skrivne på eller omsett til norsk, dansk, svensk eller engelsk (2).
Rekneskapspliktige etter rekneskapslova skal utarbeide årsrekneskap og årsmelding i samsvar med føresegnene i rekneskapslova (3). For norskregistrerte utanlandske føretak vil rekneskapsplikta som hovudregel innebere at det i tillegg til rekneskapsdokument som er utarbeidd, revidert og offentleggjort etter lovgivinga i heimstaten, må utarbeidast og sendast ein særskild filialrekneskap som oppfyller rekneskapslova sine krav, og som berre omfattar føretaket si næringsverksemd i Noreg. Rekneskapslova er likevel prinsippbasert. Dette inneber at om dokumenta som er utarbeidde, reviderte og offentleggjorde etter lovgivinga i heimstaten til det norskregistrerte utanlandske føretaket berre gjeld verksemda i den norske filialen, og dessutan oppfyller krava som er fastsette i og i medhald av norsk lov, vil innsending av desse dokumenta vere tilstrekkelege til fullt ut å oppfylle rekneskaps- og revisjonsplikta det norskregistrerte utanlandske føretaket har i Noreg. Dette vil vere tilfellet om føretaket som heilskap berre driv næringsverksemd i Noreg, og lovgivinga i heimstaten tillèt at det blir utarbeidd årsrekneskap som fullt ut oppfyller krava etter den norske rekneskapslova. I så fall skal ein saman med årsrekneskapen legge ved orientering om at dette er tilfelle. Føretak som driv næringsverksemd både i Noreg og i utlandet må normalt lage ein særskild filialrekneskap, uavhengig av om årsrekneskapen for føretaket som heilskap blir laga i samsvar med rekneskapslova.
For at årsrekneskapen til hovudføretaket, utarbeidd, revidert og offentleggjort etter lovgivinga i heimstaten, skal oppfylle rekneskapslova sine krav, må det i note til årsrekneskapen særskild vere opplyst om at det er utarbeidd i samsvar med prinsippa som følgjer av rekneskapslova og god rekneskapsskikk i Noreg (4). For at revisjonsmeldinga til årsrekneskapen for føretaket, utarbeidd på grunnlag av ein revisjon etter lovgivinga i heimstaten, skal oppfylle revisorlova sine krav, må han oppfylle krava etter revisorlova § 9-7, medrekna ei særskild fråsegn frå revisor om:
- At årsrekneskapen er utarbeidd og fastsett i samsvar med lover og forskrifter som gjeld i Noreg,
- At leiinga i føretaket har oppfylt plikta si, etter bokføringslova og forskrifter fastsette i medhald av bokføringslova, til å sørge for ordentleg og oversiktleg registrering og dokumentasjon av rekneskapsopplysingar,
- At opplysingar i årsmeldinga, føresetnaden om framleis drift og forslag til bruk av overskot eller dekning av tap, er i samsvar med norske lover og forskrifter, og om at opplysingane er i samsvar med årsrekneskapen (5).
At innsending av desse dokumenta vil vere tilstrekkeleg til fullt ut å oppfylle det norskregistrerte utanlandske føretaket si rekneskaps- og revisjonsplikt i Noreg, inneber at det norskregistrerte utanlandske føretaket i slike tilfelle ikkje i tillegg må utarbeide og sende eige særskild filialrekneskap, filialårsmelding og revisjonsmelding for verksemda i den norske filialen. Organet som etter lovgivinga i heimstaten fastset årsrekneskapen har ansvaret for at dei innsende dokumenta oppfyller krava etter norske lover og forskrifter. Som nemnd vil det for revisjonspliktige føretak i tillegg vere krav om at det i revisor si melding må vere ei stadfesting på at dei innsende dokumenta oppfyller krava etter norske lover og forskrifter.
Revisorlova er ikkje til hinder for at ein særskild filialrekneskap kan reviderast av den same revisoren som reviderer føretaket sin årsrekneskap etter lovgivinga i heimstaten, dersom denne revisoren har tilgjenge til å ta på seg revisjonsoppdrag i Noreg. Ved revisjon av filialrekneskapen må revisor gjennomføre dei revisjonshandlingane som er nødvendige for å levere ei revisjonsmelding som oppfyller krava etter revisorlova § 9-7. Dersom revisor gjennom revisjonen av årsrekneskapen til føretaket etter lovgivinga i heimstaten har oppnådd tilstrekkeleg sikkerheit til å levere fråsegn om forholda som revisorlova § 9-7 krev, treng ikkje revisor å gjennomføre ytterlegare revisjonshandlingar som ledd i revisjonen av filialrekneskapen.
1. Jf. regnskapslova § 1-2 første ledd nr. 13.
2. Jf. regnskapslova § 8-2 andre ledd.
3. Jf. regnskapslova § 3-1 første ledd.
4. Jf. regnskapslova § 7-2.
5. Jf. revisorlova § 9-7 andre ledd.