Føretakskategoriar og størrelsesgrenser
Sist oppdatert: 4. november 2024.
I rekneskapslova finn du fire ulike føretakskategoriar.
Grensene for dei ulike føretakskategoriane er endra og gjeld frå rekneskapsåret 2024.
Kategorien omfattar rekneskapspliktige føretak eller konsern som to år på rad oppfyller minst to av følgande tre krav
- balansesummen er over 290 millionar kroner
- salsinntektene er over 580 millionar kroner
- har fleire enn 250 årsverk
Morselskap i konsern skal berekne grensene på konsernnivå.
Kategorien omfattar rekneskapspliktige føretak eller konsern som to år på rad oppfyller minst to av følgande tre krav:
- balansesummen er under 290 millionar kroner, men over 84 millionar kroner
- salsinntektene er under 580 millionar kroner, men over 168 millionar kroner
- har færre enn 250 årsverk, men fleire enn 50 årsverk
Morselskap i konsern skal berekne grensene på konsernnivå.
Kategorien omfattar rekneskapspliktige føretak eller konsern som to år på rad oppfyller minst to av følgande tre krav:
- balansesummen er under 84 millionar kroner, men over 5 millionar kroner
- salsinntektene er under 168 millionar kroner, men over 10 millionar kroner
- har færre enn 50 årsverk, men fleire enn 10 årsverk
Morselskap i konsern skal berekne grensene på konsernnivå.
Kategorien omfattar rekneskapspliktige føretak som to år på rad oppfyller minst to av følgande tre krav:
- balansesummen er under 5 millionar kroner
- salsinntektene er under 10 millionar kroner
- har færre enn 10 årsverk