Avvikande rekneskapsår
Sist oppdatert: 28. februar 2024.
Årsrekneskap som sluttar på annan dato enn 31. desember har avvikande rekneskapsår.
Dei som kan ha avvikande rekneskapsår er
- filialar og dotterselskap av utanlandske føretak, for å ha same rekneskapsår som det utanlandske hovudføretaket
- verksemder som driv sesongmessig aktivitet, dersom dette aukar informasjonsverdien til årsrekneskapen
Andre verksemder må søke Skattedirektoratet om dispensasjon for å ha avvikande rekneskapsår.
For årsrekneskap som sluttar i perioden 01.01. – 30.06., er siste frist for innsending til Rekneskapsregisteret og unngå forseinkingsgebyr 31.01. i følgande år.
De bør melde om avvikande rekneskapsår til Rekneskapsregisteret i kontaktskjemaet vårt.